- Martin Ove som nyleg var på talentleir i Porsgrunn, er ein spelar vi håper å knytte til oss på permanent basis. 16-åringen har gjort eit bra inntrykk både på meg, dei andre trenarane og spelarane. Sunnmøringen har mange kvalitetar til å vere så ung. Han minner litt om ei ung utgåve av Vegard Forren som vi henta frå KIL/Hemne då han var juniorspelar, seier Odd Berg til Møre-Nytt.

Den tidlegare måljegeren har følgt mange unge moldespelarar si klatring mot toppen. No har han det sportslege ansvaret for klubben sine mest lovande 15 og 16-åringar. Han ser fleire på det alderstrinnet som har stoff i seg til å ta dei neste stega dersom treningsviljen er stor nok. Roseth er ein av dei som får skryt av den erfarne trenaren. Berg er nøgd med den storvaksne forsvarsspelaren.

Bra venstrebein

- Vi skal vere forsiktig med å trekkje samanlikningar. Men eg synest som sagt det er likskapstrekk mellom han og Forren da sistnemnde var i tenåra. Eg liker Martin Ove som type. 1998-modellen står fram og tek ansvar sjølv om han er fersk i spelargruppa. Guten har eit bra venstrebein og slår gode langpasningar. Luftstyrken er det heller ikkje noko å utsette på, seier Berg.

Før han legger til at troppen sitt siste tilskot er flink til å lese spelet og ikkje minst falle av til riktig tid. Roseth som så langt har spelt 4.-divisjonsfotball for Volda, er viktig på frispark og «dødballar» i begge ender av banen. Han er meir vaksen og direkte i spelestilen enn jamaldra flest. Martin Ove Roseth fekk også gode tilbakemeldingar i etterkant av talentleiren i Porsgrunn.

Droppa Danmark

- Eg har blitt godt motteken av det som kan verte mine nye lagkameratar. Eg har så langt hatt ein bra utviklingsarena i Volda. Men no føler eg meg klar for eit nytt steg. For to veker sidan trente eg med Hødd. Dei ønskjer at eg skal kombinere vidaregåande skule i Ulsteinvik med spel for dei. Både dei og MFK freistar, seier Roseth som hadde planer om å vere med Volda til Danmark denne veka.

Både sportsleg og sosialt så han fram til Dana Cup-deltakinga. Det var ikkje med lett hjerte at han melde avbod då Molde kom på banen. Men Martin Ove var aldri i tvil om at han det var ei større sportsleg utfordring å spele for Tippeliga-klubben sitt G 16-lag i Trøndelag. Dei jamgamle kameratane i heimkommunen hadde også forståing for den robuste midtstopparen sitt val.

- Eg må i løpet av kort tid bestemme meg for om det blir MFK eller Hødd. Det er ikkje lett ettersom begge klubbane freistar, seier Roseth som er smigra over MFK-interessa. Den fornuftige tenåringen innrømmer at han har ambisjonar på fotballbanen. Han har von om å fortsette den fine utviklinga og på sikt få prøve seg på eit høgst muleg nivå. Han og Molde spelte uavgjort 2–2 mot puljevinnar Bodø/Glimt i siste innleiande kamp i turneringen i Trondheim.