Oppdal Sykkelklubb arrangerte rittet i det som mange omtaler som den tøffaste løypa i heile Norgescupsirkuset, og kunne i tillegg varte opp med knallvêr og supre forhold. Robin har hatt som eit av sesongens store mål å klare ein pallplass i eit NC-ritt, og denne helga fekk han klaff.

Tidlegare i sesongen har han følt at «godkjensla» ikkje helt har vore til stades på start, og etter ein litt skuffande 5. plass i søndagens kvalifiseringsrunde, vart det den mentale jobben i pausen før finalen som vart viktigast. Robin fortel at han bestemte seg for å køyre heilt på, og kanskje over, grensa av kva sykkel og ryttar kunne tåle.

– Eg ville vise meg sjølv, først og fremst, at sjølv om eg er førsteårs junior, så hører eg litt heime i toppen, fortel han.

– Eg valde å sleppe meg enda meir laus i finalen – litt «den som intet våger intet vinnar»-taktikk, smiler den fornøgde 16-åringen.

Heldt på å gå gale

Det var likevel på hengande håret, då han kom litt for raskt inn i ein venstresving, og måtte stoppe for å ikkje kollidere i eit tre.

– Der rauk det nok 4–5 sekund, men alternativet var mykje verre, forklarer den uredde voldingen.

Det verste var likevel at han like før andre mellomtid opplevde at giret rauk.

– Eg kunne ikkje tråkke etter det, omtrent som når kjeda losnar på ein vanleg sykkel, så eg tapte enormt med tid derfrå og ned.

Likevel enda han opp med ei tid som var drygt 2 sekund raskare enn kvalifiseringstida frå tidlegare på dagen, og ein tredjeplass totalt.

– Nøkternt kan eg vel anslå at 10–15 sekund forsvann i det siste, lange partiet, kor det var svært nødvendig å kunne tråkke skikkeleg, fortel Robin vidare.

– Men eg græt ikkje over tekniske og andre uhell når eg kan stå på pallen i dette tøffe selskapet, avsluttar 16-åringen, som håper dette resultatet skal vere ein god søknad til VM-plass på «heimebane» i Hafjell i september.

– Eg håper sjølvsagt, men får likevel vere med i sirkuset, sidan eg er tatt ut som testkjører. Det er ei stor ære, og vil gi meg utruleg god trening, smiler Robin.

Resultat

1.    Severin Poppe Midteide,    IK Hero Sykkel    4:45.38

2.    Per Henrik Opsal Thorp,    IK Hero               4:47.70

3.    Robin André Ryste Skjeret,    SK Rye          5:09.49

4.    Daniel Bagge, CK Master                              5:16.94

5.    Grunde Kvålseth, Drammen CK                   5:20.59

6.    Gerhard Fuglem, TVK                                   5:28.72

7.    Didrik Pytte Palus, IK Hero                            6:11.48

Thomas Klingenberg, SK Rye                           DNF

Henrik Myhrvold, SK Rye                                  DNF