Dana Cup er ein av verdas største fotballturneringar og vert arrangert i Hjørring i Danmark. Ørsta stiller i år med tre gutelag i klassene G14, G15 og G16. Treningane dei siste vekene har vore på gras for å førebu seg best mogleg på underlaget i Danmark. Tidleg på søndag reiser rundt 45 spelarar pluss foreldre og støtteapparat sørover, og etter planen skal dei vere framme seint søndag kveld. Alle laga skal verte innkvartert på rådhuset i Hirtshals.

Møter engelsk og brasiliansk motstand

G16-laget spelar første kamp komande tysdag og norske Kvinesdal IL er motstandar. Brasilianske Pequeninos do Jockey og norske Jutul IL er også i gruppa. G15-laget møter Brodd IL i opningskampen. I tillegg møter dei engelsk motstand i Pro Touch Soccer Aca og avsluttar gruppespelet mot Skedsmo FK.

– Alle laga får møte noko eksotisk og det er litt kjekt. Eg vil tru at det er høgt nivå på laga frå England, Tyskland og Brasil. Det vert litt å måle seg mot og sjå kor god ein kan vere. Så vert det også spennande å sjå om spelarane verte ståande å sjå på eller om dei tek kampen, seier Henning Nygård som har hovudansvaret for G15- og G16-laget.

Ørsta stiller med to G16-lag i seriespelet, og førstelaget har lagt bak seg ein god vårsesong med åtte strake sigrar. Nygård seier at laget vakar litt mellom nivået i 1.- og 2. divisjon.

– Vi reiser til Dana Cup for å få spele flest mogleg kampar. Om vi vinn eller vert nummer to i gruppa går vi a-sluttspel. Vert vi nummer tre eller fire vert det b-sluttspel, seier Nygård.

– Skal spele vårt spel

Forus og Gausel IL er første motstandar for G14-laget før dei møter tyske Angeln FC. Siste laget i gruppa er Nesbyen IL.

– Vi har ikkje meir enn 15 spelarar, men vi skal gjere det så godt som vi kan og det kan verte bra. Vi skal spele vårt spel og alle spelarane skal få tilstrekkeleg med speletid. Utanfor bana skal førebu oss best mogleg, ete riktig og legge oss i rett tid. Så skal det og vere ein sosial og kjekk tur, seier lagleiar for G14 Frode Ose.

Volda er også representert på Dana Cup med J14-, J15-, G16- og G19-lag.