- Vi er både stolte og glade for at ein kapasitet som Tina Gavranic vil være på plass i Volda, når oppkjøringa startar for alvor 1. august. Ho spelar i dag for Podravka Vegeta, som i fleire år har vore toppklubben i Kroatia, seier klubbleiar Arild Bakke.

Tina har hatt ei sentral rolle i dette laget som midt-back, men kan utvilsomt nyttast i fleire posisjonar. Podravka Vegeta deltok også i Champions League denne sesongen, der dei vart nr. 3 i den same pulja som Larvik.

Tina kom til Volda for prøvespeling på fredag og reiser tilbake til Kroatia i dag, etter å ha imponert stort på treningane denne helga. Ho må også ha likt det ho såg og opplevde i Volda disse dagane og vi vart raskt einige om å inngå kontrakt. Tina er fullt klar over den viktige rolla ho vil få og virka veldig motivert for å hjelpe klubben tilbake til 1. divisjon komande sesong.

10 år som profesjonell spelar

Tina Gavranic er 27 år og allereie som 17-åring vart ho profesjonell handballspelar. Ho har også hatt fleire landskampar for Kroatia.

- Dette er ein spelar vi meinar fult ut vil erstatte klubbens storskårar Laima Bernataviciute, som valgte å forlate klubben etter at nedrykket var klart. Tina er ein god avsluttar, men framfor alt framstår ho som ein brilliant lagspelar. Tilbakemeldinga i spelargruppa var derfor unisont positiv når vi kunne fortelje at ho sa ja til Volda i går ettermiddag. Vi har med dette fått på plass ei svært viktig brikke for å nå målet om direkte opprykk til 1. divisjon igjen, fortel Bakke.

Hege Bergsnev også aktuell for Volda

- V fekk også besøk av Hege Bergsnev denne helga. Hege er opprinnelig frå Kristiansund og har tidlegare trena under Igor Terzic. Ho spelte i år for Bækkelaget og har tidlegare spelt i eliteserien for Njård. Hege ville sjekke ut Volda som ein mulig klubb når ho er tilbake etter eit utanlandsopphald i desember.

– Tilbakemeldingane var også gode frå henne. Vi har derfor eit realistisk håp om enda ei forsterkning i løpet av sesongen, med tanke på ein mogleg kvalik for 1. divisjon neste vår.

Trenar Igor Terzic sentral

Det er liten tvil om at klubbens nye trenar Igor Tertzic har vore sentral for at slike kvalitetsspelarar har vurdert Volda som eit alternativ.

– Han har opparbeidd stor respekt for sin kunnskap, og har i tillegg ei stor kontaktflate både i Norge og i utlandet, som vi vil ha stor glede av framover. Der gjenstår fortsatt eit par avklaringar i spelarstallen, men vi føler vi no har god kontroll på situasjonen. Både spelarar og støtteapparat har rista av seg den største skuffelsen etter nedrykket. Vi møter derfor hausten og den nye sesongen med stor entusiasme og optimisme, oppsummerer Bakke.

Volda HK gjennomførte ei tredagerssamling i pinsa. Laget skal no trene fram til 20.juni før det blir eigentrening og ferie. Foto: Ove Krumsvik