Onsdag kveld kvalifiserte Storhamar seg til semifinalen i sluttspelet for kvinner. Dei møtte Stabæk i siste kvartfinalekamp. Tidlegare hadde Storhamar slått Vipers Kristiansand, og måtte vinne eller spele uavgjort mot Stabæk for å ta seg vidare. På heimebane vart ein jamn kamp som Storhamar til slutt vann 26-25 (16-16). Malene Aambakk spelte ikkje kampen.

Alfred Örn Finnsson sitt mannskap møter Byåsen i semifinalen. Første kamp er søndag i Presterudhallen på Hamar. Den andre semifinalen vert spelt i Nidarøhallen onsdag 30. april. Tertnes og Larvik er dei andre laga som spelar semifinale.