Ørsta sitt G16-lag er i Danmark og deltek i storturneringa Rødspætte Cup. Laget har levert godt spel og enda som nummer tre i si gruppe. Etter sigeren mot Pinnau laurdag kveld var det klart at laget gjekk til b-sluttspel. Like etter kampslutt fekk to av Ørsta sine spelarar, Leif-Erik Brenne og Emil Theodor Bjørdal, seg ei overrasking. Dei var teke ut på eit samansett landslag med spelarar frå Tyskland, Noreg og Danmark som møtte Sverige. Bjørdal starta kampen, og det vart ei jamn opning der laga følgde kvarandre. Sverige drog litt i frå, og var i leiinga 11-5 før Brenne fann skåringsrytma. Tre mål frå Brenne knappa inn leiinga, og til pause var stillinga 14-10 i favør Sverige.

Med publikum i ryggen leverte både Bjørdal og Brenne godt spel også i andreomgang. Med sitt andre mål i omgangen reduserte Brenne Sverige sitt forsprang til tre mål, 19-16. Begge Ørsta-spelarane kom rett frå gruppespelskamp og fekk merke dette utover kampen. Det samansette landslaget gav seg ikkje, og med fem sekund att av kampen sette Brenne inn sitt sjette mål for kampen og stillinga var 22-21 til Sverige. Det var ikkje fleire mål i kampen, men dei lokale spelarane fekk vist seg fram på ein god måte. Brenne vart toppskårar for det samansette landslaget.