Rødspætte Cup er ei storturnering i handball for spelarar i alderen tolv til nitten år, og vert arrangert i Fredrikshavn. Ørsta stiller lag i G16- klassa, og i denne klassa er der med totalt 55 lag fordelt på 11 puljer.

Første kamp for Ørsta var fredag mot svenske Borås HK 2. Ørsta fekk ein god start på turneringa og drog i land sigeren, 16-14. I den andre kampen venta det norsk motstand i Konnerud, og det enda med tap 12-16. Tidleg laurdag morgon var det Hamburg AMTV 2 som stod på motsatt banehalvdel. Det vart ein spennande kamp der laga følgde kvarandre. Tolv minutt ut i kampen var stillinga 10-10. Hamburg auka til 12-10 før Brage Halse Snarud reduserte til 11-12. Dette vart også sluttresultatet, og dermed eit surt eittsmålstap.

Siste gruppespelskamp gjekk mot tyske Pinnau HSG laurdag. Etter ein jamn start på kampen drog Ørsta i frå, og var i leiinga 8-3. Pinnau kom litt tilbake i kampen, men Ørsta var hakket betre og vann til slutt velfortent 16-9. Dermed sikra Ørsta ein tredjeplass i gruppa, og er klare for b-sluttspel. Neste kamp er klokka 09.10 søndag morgon mot svenske Tibro HP.

Søndag morgon var svenske Tibro HP motstandarar for Ørsta. Det lokale laget fekk ein god start på kampen. Dei stod godt i forsvar og spelte godt i angrep. Ørsta var i føringa 8-2, og vann til slutt kampen 12-6. Svenske Stenungsunds HK var motstandar i 8-delsfinalen. Dei hadde slått norske Riska 14-8 i sin første kamp i sluttspelet. Det svenske laget tok kommandoen i 8-delsfinalen og var i leiinga 5-1. Ørsta kom tilbake, og då laga gjekk til pause var stillinga 9-6 til Stenungsunds. Etter pause følgde laga kvarandre og Ørsta vart liggande tre mål bak i store delar av omgangen. Mot tampen av kampen drog Stenungsunds ifrå og vann til slutt 20-14. Dermed er Ørsta ute av Rødspætte Cup.