Det vart ein skisesong med minimalt med snø i langrennsløypene på Bondalseidet. Når det endeleg kom nok snø i byrjinga av mars sørgde ei anleggsmaskin for å køyre søndt det vesle som var. Meir snø kom det ikkje, og då vart planane om renn skrinlagt. Men Hovdebygda IL-ski har halde hjula godt i gang med gode treningar heile vinteren på rulleski, når det ikkje har vore nok snø. Treningsarena har vore den asfalterte plassen ved Bygg1 på Rystelandet.

HIL-ski har hatt god rekruttering og veldig godt frammøte i alle periodane det har vore barmark. Nøkkelen til den gode rekrutteringa har vore at vi har lånt ut gratis rulleski til alle born som vil delta på treningane. No har vi 25 par med korte og lette rulleski som er svært høvelege for borna. Dei som er eldre held seg med rulleski sjølve. Til saman har over 50 små og store vore innom treningane denne sesongen. 23. april vert det rulleskirenn. Løypene er ganske flate og fine, men for å delta må ein ha øvd seg litt på rulleski. HIL-ski har rulleski til utlån til alle som er opp til 13–14 år, og stilart vert skøyting. HIL-ski inviterer langrennsløparar og skiskyttarar også frå naboklubbar.

Det vert til saman 4 renn i rulleskicupen. Det første no i april, og så held ein fram i august.