Volda måtte vinne over Bækkelaget i Oslo laurdag om det skulle vere håp om 1.-divisjonsspel neste sesong. Dei var i tillegg avhengige av at Fana tapte begge sine kampar på bortebane mot Gjerpen og Skrim denne helga. Heimelaget tok kommandoen frå start og gjekk opp i 5–2 leiing. Volda fekk samla seg litt og kom à jour med Bækkelaget. Volda sleit med flyten i angrep og fekk heller ikkje til avslutningane, men godt forsvar berga dei gjennom ei heller svak midtperiode. Mot slutten av omgangen var det sunnmørslaget som ville mest og kunne gå til pause med 11–10 leiing etter tre skåringar på slutten av Kaisa Holsvik.

Også i starten av 2. omgang kom Volda litt bakpå og låg eit par mål bak Bækkelaget. Kvarteret før slutt snudde kampen og det var Volda som kunne gå i leiinga att. 10 minutt før slutt leia dei 20–18 og då heimelaget fekk to utvisingar, auka dei til 23–19. Siste minutta kontrollerte Volda det heile og vann 23–21.

Tap mot Halden

Søndag var Volda i Halden der dei møtte allereie opprykksklare HK Halden. Etter resultata på laurdag, hadde ingen av laga noko å spele for. Etter 13 minutt viste måltavla 8-7-leiing for vertane, men blåtrøyene var fullt på høgde med Halden. I dei neste ti minutta vart Volda rundspelt og det stod 13–7 før neste Voldaskåring kom. Halden gav seg ikkje der og kunne gå til pause med 18–9 leiing. Sunnmørslaget var verkeleg i støyten det første kvarteret i andre omgang og låg berre tre bak (21-24) midtvegs. Mot slutten seig det komande Postenligalaget ifrå og vann kampen 35–28.

Heimestatistikken øydela

Dermed blir det 2. divisjon på Volda neste sesong. Laget kan sjå tilbake på ein nyttig og lærerik sesong i den nest øvste divisjonen. Likevel er nedrykk svært skuffande for klubben. Kvaliteten og potensialet i spelargruppa har vore godt nok til å hevde seg i 1. divisjon, men dessverre har laget hatt for mange ujamne prestasjonar gjennom sesongen. Poengtapa på heimebane mot Hønefoss, Bækkelaget, Rælingen og Selbu blei avgjerande for at det blei nedrykk.

Grundig evaluering

Leiar i Volda HK, Arild Bakke, er sjølvsagt skuffa over at det blei med ein sesong i 1. divisjon i denne omgang. No lovar han ei skikkeleg evaluering der alle steinar skal snuast.

– Vi startar med ei grundig evaluering denne veka der vi skal kalle inn kvar einskild spelar til samtale. Denne prosessen skal vi vere ferdig med i god tid før 1. mai. Både trenarar, støtteapparat, spelarar og styret skal evaluerast.

Bakke seier vidare at det no er opp til spelargruppa å avgjere korleis satsinga blir vidare.

– Greier vi å halde på dei fleste spelarane, skal vi gjere alt vi kan på å kome oss tilbake til 1. divisjon på kortast muleg tid. Vi har ei solid støtte i hovudsponsoren vår Sparebank 1 Søre Sunnmøre og er i ein god dialog med fleire av elitesponsorane våre.