Volda måtte vinne kampen mot Bækkelaget for å ha ein reell sjanse til å halde på plassen sin i 1. divisjon, men då måtte også Gjerpen slå Fana. Slik gjekk det ikkje, og Volda kan difor ikkje ta att laget som ligg på plassen rett over nedrykksstreken, og dei må ned i 2. divisjon neste sesong, skriv Sunnmørsposten.

Til avisa seier trenar Kristinn Gudmundsson at han er skuffa.

- Akkurat no kjennest det dritdårleg. Denne sjansen er det vi sjølve som har kasta vekk. Det er alltid farleg å måtte stole på at andre lag skal hjelpe, seier han.

Dermed vart det berre ein sesong i 1. divisjon på handballjentene i Volda, i denne omgang.