Standalrennet er eit spektakulært renn, som går i nokre av dei flottaste omgivnadene som er muleg å oppdrive på Sunnmøre.

Rennet går frå Fingersida til Standalhytta, med ein høgdeforskjell på cirka 700 meter. Det vert klasser for fjelltelemark, alpint og snøbrett. Det vert i år også skibestigningskonkurranse. Traseen går frå Standalhytta til Steinen (Bjønnanakken), vidare over Myra, opp Fingerskaret og mål ved Standalhytta. Totalt er det ei stigning på ca 1.200 meter.

– Vi håper at skientusiastar frå hele regionen kjem til Standalhytta denne helga. Det vert eit flott arrangement, som er like mykje for dei som har lyst på ei spektakulær oppleving som for dei som har ambisjonar om gode tider og premier, forklarer Erik Lunde, leiar for marknadsgruppa i AaSK.

Rundt sjølve rennet vil arrangementet gi ein del aktivitetar ved Standalhytta. Påmelding til rennet gjerast på AaSK sine nettsider.