I vår var islendingen Björgvin Runarsson i Ørsta for å sjå på tilhøva, og vurdere om han ville ta på seg trenaransvaret for seniorlaget i herrehandballen. Styret i Ørsta handball har bestemt seg for å satse, og i sommar vart det klart at Runarsson skulle trene herrelaget. I fjor presterte Ørsta/Volda ein bra sesong, men det rakk akkurat ikkje til opprykk. Laget er no forsterka, og gjennom målretta trening er mykje av det som mangla i fjor på plass.

– Det er heilt utruleg korleis spelarane har reagert på det nye opplegg, og vi har eit heilt nytt lag. Både forma, tankesettet og engasjementet er på plass, og korleis kvar enkelt forstår spelet har vorte betre. Dette er sjølvsagt mi meining, og så får det vere opp til andre å bedømme om eg har rett eller ikkje, seier Runarsson.

Reagert positivt

Herrelaget har leverte gode resultat i treningskampane, og slått motstandarar som allereie spelar i ein divisjon over Ørsta/Volda. Det at spelarane har reagert positivt på Runarsson sine metodar og tanker likar trenaren.

– Spelarane har trena som profesjonelle no i to månader, og eg trur at dei likar det, seier Runarsson.

– Ikkje noko nåde

Ein spelar som har vore viktig for herrelaget i fleire sesongen er Kim Børre Berg. På spørsmål om korleis han vil beskrive den nye trenaren svara han slik.

– Det er ein person som vil, og her er ikkje noko nåde, seier Berg.

Saman med Stain Aasen vert Berg ein profil på årets lag, og vil spele ei viktig rolle. Spelargruppa føler at dei ligg godt an framfor sesongstarten, men det er framleis ting som må forbetrast.

– Vi ligg ganske bra an, men det er små ting som vi må justere, seier Berg.

– Vi viser at vi er på veg, men det er ikkje nok å rykkje opp. Vi må gjennom denne sesongen bevise at vi er gode nok for å spele i andre divisjon, seier Aasen.

– Får svaret neste helg

– Er de i spelargruppa trygge på at det er gode nok for å ta steget opp?

– Magekjensla seier det, seier Berg.

– Ein må og hugse på at vi ikkje har spelt ein teljande kamp enno. Neste helg får vi svaret på kor vi ligg an, seier Aasen.

Tidlegare denne veka spelte Ørsta/Volda treningskamp mot Bergsøy.

– Det enda med 25-25, men vi stilte berre med åtte spelarar. Spelarane har framleis mykje trening i kroppen, og alt vil kome lettare no når vi kjem i gang med sesongen. Både på skot, forsvar og i mål skal vi vere sterke, seier Runarsson.