Aukse Vysniauskaite og Malene Aambakk veit begge kvar målet står og dei troner øvst på skåringsstatistikken i 2. divisjon avdeling 5. Øvst på lista finn vi Aukse som står med 131 nettkjenningar på 19 kampar. Malene har skåra 123 og deler andreplassen med Ranheim sin storskårar, Siv Beate Sæterhaug. Nærast desse tre følgjer romsdalsduoen Andrea Gjendem, Elnesvågen med 115 og Anniken Obaidli, Molde med  113.

Fullstendig oversikt finn du her

Tøffe i forsvar

Ser ein på utvisingsstatistikken er  Volda-forsvaret av dei tøffaste i divisjonen. På 19 kampar har dei fått 41 utvisingar.  Her er Elnesvågen det mest hardtspelande laget med 44 utvisingar på 17 kampar.  Rita Kristin Rise og Kristine H. Vike er dei mest hardtspelande i forsvar på Volda. Dei står med 8 og 7 utvisingar. Oversikt her.