Vartdal tapte 1–2 for Hareid på Remen laurdag ettermiddag. Vartdal tapte på fysikken.

Vartdal var det spelande laget i kampen, men to dødballsituasjonar i fyrste omgang gav to mål til gjestene.

Trass ein god andre omgang frå Vartdal si side, var det ikkje godt nok til poeng.

Slurvete

Vartdal var litt slurvete i angrepsspelet, og sleit med å kome til sjansar i fyrste omgang.

Hareid tok leiinga etter 18 minutt. Laget fekk frispark ute ved sideline, førti meter frå mål. Joar Møller «skaut» eit innlegg. Og ballen gjekk i staden rett i mål.

Etter 40 minutt vart det 2–0 til gjestene. Nok ein gong var det dødball frå kanten, og denne gongen nikka Ulrik Wingsternes ballen i mål.

Redusering

I andre omgang var Vartdal kvassare, og fire minutt ut i omgangen reduserte heimelaget. Det skjedde etter ein gedigen Hareid-blunder.

Hareid fekk innkast på eigen banehalvdel, og ballen vart kasta mot målvakta. Han bomma på ballen, og Steffen Roth oppfatta situasjonen, og skåra enkelt.

Utover i omgangen spelte Vartdal til tider god fotball, og det vart nokre sjansar.

Straffe?

Eit kvarter før slutt burde laget hatt straffespark då Frank Ristesund vart felt. Men dommar Jan Erik Bratteberg, Ørsta IL, meinte taklinga var grei.

Fem minutt før slutt hadde Vartdal ein stor sjanse då Petter Ove Sætre kasta seg fram på eit innlegg, men ballen gjekk utanfor.

Det vart lagt til fem minutt, men Vartdal lukkast ikkje i jakta på utlikning.