- Dei har spelt fem-seks svært jamne kampar. Dei har tapt ein og spelt ein uavgjort, elles har dei vunne med eit mål, fortel hjelpetrenar Paul Rune Ingebrigtsen frå Ekebergsletta i Oslo.

Han er stolt over innsatsen til jentelaget.

- I kvartfinalen mot Tertnes vann dei like godt med to må, og sigra 2-0. Onsdag kveld spelar dei semifinale. Det er stort, seier hjelpetrenaren, som fortel at jentene hevar seg frå kamp til kamp.

- Det er ein superflott gjeng som står på og har det kjekt saman. I Norway Cup er det sosiale svært viktig. Kampane er bonus!

Dersom jentene vinn semifinalen torsdag er dei klare for finalespel fredag.