Storspel av Vartdal i Norway Cup, eitt Sæbø-lag, eitt Hovdebygda-lag og fire Ørsta-lag i aksjon på matta i verdas nest største fotballturnering.

- Vi har med oss 26 spelarar til hovudstaden. Det vart meldt på både elvarlag og sjuarlag for at flest mogleg skal få mest mogleg speletid. Det er ikkje sikkert det hadde vorte så mange minutt på kvar enkelt dersom vi hadde kome hit med berre elvarlag, seier May Iren Rød som er med saman med Ørsta IL.

Ørsta stiller med totalt fire lag i årets Norway Cup. To G-16 lag og to J-16 lag er det som forsvarar Ørsta-drakta i verdas nest største fotballturnering.

For jentene var det ein opptur for sjuarlaget å spele 2-2 mot Gjøvik i opningskampen. Andrea Hovden og Anna Mathea Sande Sætre sørga for nettsusen. Det eine gutelaget klarte seg veldig bra då dei møtte brasiliansk motstand. Ørsta var fullt på høgde i det oppgjeret sjølv om det vart 1-2 tap.

- Vi er fire Ørsta-lag som bur på same hotell, saman med oss foreldra. Vi har det kjempekjekt og kjempesosialt, fortel Rød.

Dagane går med til kampførebuingar, og å vere heiagjeng for kvarandre.

- Vi prøver å få med oss kampane til dei andre frå bygda også, som Sæbø, Vartdal og Hovdebygda. Det er stor stemning.

Vartdal sitt jentelag har storspelt så langt i turneringa og har vunne kampane sine med høvesvis 12 mål over Fjellhamar og 7 mål over Askøy Sportsklubb.

Også Sæbø sine jenter har funne forma før Norway-Cup, og vann sin første kamp mot Stamsund IL, men gjekk på eit 0-4 tap mot Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen.

Først seint tysdag vert det klart kven som går vidare til A- og B-sluttspelet.

Resultat:

26.07 Fjellhamar - Vartdal TIL 0 - 12

27.07 Askøy Sportsklubb Hvit - Vartdal TIL 0 - 7

Sjuarlaget til J-16 Sæbø IL:

26.07  Stamsund IL - Sæbø IL 1 - 3

27.07  Sæbø IL - Søya/Todalen/Kvass/Ulvungen 0 - 4

Elvarlaget til J-16 Ørsta:

26.07 Ørsta - Oppdal IL 2    0 - 7

27.07 Ørsta - Eikelandsfjorden 2 - 4

Sjuarlaget til J-16 Ørsta:

26.07  Ørsta IL - Gjøvik Lyn 2 - 2

27.07 Bud IL - Ørsta IL     0 - 3

Hovdebygda:

26.07   Hovdebygda/MIL - Eidanger 0 - 0

27.07   Sandane - Hovdebygda/MIL 3 - 2

G-16 Ørsta IL 1

27.07 Pequeninos Do Jockey * - Ørsta IL 1     2 - 1

27.07 Ørsta IL 1 - Grue 0 - 2

G-16 Ørsta IL 2

26.07 Ørsta IL 2 - CFT United 0 - 2

27.07 Ørsta IL 2 - Gol IL Fotball 1 - 1