12.- og 13. august startar 4.- og 5. divisjon opp att. Ørsta leverte ein god vårsesong, og ligg på 2.-plass i 4. divisjon.

– Målet er å halde fram å kjempe i toppen i haustsesongen, men vi veit at det vert tøft. Resultata i vårsesongen var gode, men prestasjonen kan vi utvikle vidare. Prestasjonen var ikkje betre enn forventa, og det var berre to kampar der vi verkeleg fekk vist kva som bur i laget, seier trenar Thomas Lid Kleppe.

Til hausten vert det ikkje store forandringar i stallen til Ørsta.

– Mats Øvrebotten flyttar heim, og vert dermed med for fullt. Det er ei fantastisk nyheit.

Divisjonskollega Vartdal leverte ikkje ein god vårsesong poengmessig, og ligg sist i 4. divisjon.

– Vi forventar å stå i divisjonen, og det betyr at vi må ein del poeng. Fotball er psykologi, og får ein eller to sigrar så kjem sjølvtillita, seier trenar Bjarte Flåskjer.

Vartdal trente nokre veker lenger enn vanleg etter vårsesongen, og har hatt rundt tre veker ferie. Komande veke startar dei faste treningane opp att. Målvakt Håvard Overå Sætre har meldt overgang til Rollon, og Dan Andre Johansen har flytta til Oslo og er ikkje aktuell i haust.

I 5. divisjon er tett bak Skodje som toppar tabellen. Åmdal er best plassert av dei lokale laga på ein 5.-plass.

– Vi er på øvre halvdel, har det kjekt når vi spelar fotball og det skal vi halde fram med. Vi byrjar på att komande veke, og deltek på Sæbø-cup neste helg, seier trenar Svein Erik Grevsnes.

Hovdebygda på 7.-plass har von om å skåre like mykje mål som i vårsesongen, og stenge att bakover på bana.

– Vi har mista Isak Skjærseth som skal studere, og så får vi sjå kor mykje Rune Haugen vert med. Han har sagt at han ynskjer å spele for oss. Vi har og eit håp om at Skjalg Digernes er kampklar i løpet av august, seier trenar Kenneth Nydahl.

Sæbø på 9.-plass har von om ein god start på haustsesongen.

– Eg ventar at det framleis vil vere ein jamn serie. Vi har von om verte litt flinkare til å avgjere kampar og få med oss poeng. Kampprogrammet i starten gjev oss moglegheita til å få ein god start, seier Mats Riise.