G17-laget med Ørsta-spelarar på laget vann første gruppespelskamp 2–0 mot Vindbjart IL. Etter uavgjort mot franske Bordeaux Aquitaine F og Råde IL var laget klart a-sluttspel. I 16.-delsfinalen var tyske Eintracht Immenebck TSV motstandar. Markus Halse sende Volda i føringa, men etter utlikning gjekk kampen til straffespark. Målvakt Sigve Strand redda to straffer, og med skåringar frå Luc Mangala var Volda klare for 8.-delsfinale. Mot belgiske Olve SC tapte G17-laget 0-1, og var ute av DanaCup.

J16-laget vann første kamp i gruppespelet mot Horsens FC og spelte uavgjort mot Amasone FB og Frøya IL. Jentene var dermed klare for a-sluttspel. Mot Hinna FB i 16.-delsfinalen torsdag vart det 1-4-tap for voldajentene.

G14-laget tapte dei to første kampane i gruppespelet, men slo Flint IL i siste kamp og gjekk til b-sluttspel. I 32.-delsfinalen mot Solid IL skåra Volda i siste sekund, og tok seg til 16.-delsfinale der Holmen IF var motstandar torsdag kveld. Her vart det meir Volda-jubel med 4-2-siger. Torsdag føremiddag var det klart for 8.-delsfinale mot svenske Lindø. Det enda med 1-2-tap.

G-15-laget tapte dei to første kampane i gruppa si, og slo Ørn Horten FK i siste gruppespelskamp. Dermed var laget klare for b-sluttspel. Torsdag var Staal Jørpeland IL motstandar i 32.-delsfinalen, og Volda tok seg vidare med 4-0-siger. Onsdag kveld i 16.-delsfinalen måtte det straffesparkkonkurranse til for å avgjere om Volda eller Donn gjekk vidare. Volda drog det lengst strået og vann straffesparkkonkurransen 13-12, og 8.-delsfinale venta torsdag morgon. Malvik IL var motstandar, og med 2-1-siger er Volda klare for kvartfinale. Gimse IL var motstandar i kvartfinalen. Even Osdal sende Volda i føringa på eit langskot og då Hussain Talash sette inn 2-0 kunne Volda juble for semifinale.

Nationalkameratene hadde og teke seg til semifinale, og møtte Volda fredag kveld. Nationalkameratene var i føringa 1-0 til pause, og dobla leiinga rett etter pause. Roy Kåre Reite reduserte fire minutt før slutt, men det vart ikkje fleire skåringar og G-15 er ute av DanaCup.