Etter låneopphaldet i Volda handball er Malene Aambakk tilbake på Hamar og klar til å kjempe om meir speletid i Storhamar.

For to år sidan signerte Malene Aambakk for Storhamar, og gjennombrotet i eliteserien fekk ho som toppskårar og banens beste spelar mot Fredrikstad i januar i fjor. Årets sesongen gjekk ikkje slik Storhamar hadde venta seg, og det var avgrensa med speletid for Aambakk. Løysinga vart å gå på lån til Volda i desember i fjor, og ho var med på å spele Volda opp til 1. divisjon.

– Det hjelpte veldig å kome tilbake til Volda. Ikkje berre for sjølvtillita, men med mykje speletid kom eg inn i det att. Situasjonen i Storhamar var veldig frustrerande, og uansett korleis det gjekk på trening vart det lite speletid. Det var eit bra val å kome heim att, seier Aambakk.

Oppkøyringa til komande sesong med Storhamar har allereie pågått i ein månad, men no er det ferie for Aambakk og resten av spelarane fram til 24. juli.

I januar bad tidlegare Volda-trenar Alfred Örn Finnsson om å verte løyst frå kontrakten si med Storhamar, og Arne Senstad har teke over trenaransvaret. Betina Riegelhuth og Maja Jacobsen har skifta beite, og Lise Løke er kome inn frå Oppsal. Storhamar har spelt nokre treningskampar i oppkøyringa der Aambakk har fått mykje speletid.

– I treningskampane har eg spelt halve kampane og meir. Så langt har det berre vore positivt. Eg har berre spelt i posisjonen min, og det har vore lov å feile litt utan å verte drege ut på benken att med ein gang.

– Korleis er stemninga i spelargruppa etter den tunge sesongen i fjor?

– Akkurat no er stemninga veldig bra. Vi er motiverte for ein ny sesong, trenar veldig godt og det vert spennande.

Aambakk ynskjer å bruke denne sesongen til å etablere seg i Storhamar-laget.

– Eg vil ta det sakte og roleg, og prestere så godt som mogleg. Eg vil bruke denne sesongen til å vise meg fram, og er eg god nok så får eg sjansen.

Seriestart i eliteserien er 6. september, men grunna dårleg økonomi fekk ikkje Storhamar fornya eliteserielisens, og vart torsdag degradert til 1. divisjon. Storhamar kan anke avgjerda.

Intervjuet med Aambakk vart gjort før avgjerda var kjent.