I spydkonkurransen vart det 2.-plass  og ny personleg rekord på 42,12 m. Han tok og 2.-plass i liten ball med gode 62,11 m og solid ny pers.

Elias var godt nøgd med Norsk Spydgalla. Trenarteamet til OL-gull-vinnar Andreas Thorkildsen hadde opplegget. Dei hadde spydkonkurranse, videoanalyse, spydskule og teknikkøving. Det var og lagt inn ein artig vri med snøball- og druekasting. Elias fekk skryt for god teknikk, og tok med seg gode tips heim att saman med ekstra motivasjon for vidare satsing.

Tekst: Olve Øyehaug