– Vi har von om at dette vert ein samlingsstad for alle som tilknyting til Volda handball, seier påtroppande dagleg leiar Håvard Strand i Volda handball.

– Løft for klubben

Klubblokalet vil innehalde kontor for dagleg leiar, butikk og møterom. Det er Møre konfeksjon som eig lokala, og som også er sponsor for Volda handball.

– Avtalen med Møre konfeksjon vart inngått i vår, og vi er glade for å få vårt eige klubblokale. Dette ser vi på som eit løft for klubben. Her skal det verte mykje aktivitet når vi er klare.

Operative i haust

Arbeidet med å gjere lokalet klart skjer i sommar, og Volda handball skal vere operative i klubblokala sine frå august/september.

– I første rekkje vil lokalet verte nytta inn mot breiddesatsingar og dei yngste i klubben. Her vil klubbkveldar verte arrangert, og det skal spesielt vere ein samlingsplass for dei yngre. I tillegg skal her vere kontor for Håvard, seier leiar Arild Bakke.

– Sakn å ikkje ha sosial møteplass

Volda handball har ikkje tidlegare hatt eigne lokale, og ser fram til å ha sin eigen stad i Volda.

– Det har vore eit sakn å ikkje ha ein sosial møteplass. Vi har nytta Volda turisthotell i andre samanhengar, og det kjem vi til å halde fram med. Her vert det faste opningstider, sal av ulike produkt og vi vil nytte lokala til profilering. Vi vert godt synlege frå utsida, og det er ei god plassering, seier Bakke.

– Positivt

Dagleg leiar Magne Aarseth i Møre konfeksjon ser fram til å få Volda handball på plass i klubblokala.

– Volda handball har hatt ei positiv utvikling både på breidde og toppsatsinga. Vi støttar opp, og har gitt dei ein god avtale. Årsaka til dette er at lokala ikkje skal utover den vanlege drifta av klubben. At handballen får sin eigen samlingsstad er berre positivt, og vi gler oss til vaflar kvar fredag her, seier Aarseth med eit smil.