– Vi er ganske nøgde og det er sterkt av oss å ta den andre turneringssigeren. Vi har visst ganske bra formstigning i det siste, og vi byrjar å nærme oss ei slags toppform fysisk sett og i samspel, seier Kvalen etter sigeren i Oddanesand Masters nær Helgeroa.

Førre helga spelte sandvolleyballduoen Larvik Open.

– Det enda med ein 3.-plass. Vi tapte semifinalen mot R.Sannarnes/C.Sørum som tok EM-gull i U22 i fjor, og møtte dei finalen denne helga. Vi var veldig sugne på revansj no, og hadde god kontroll.

L.Retterholt/B.Usken var ranka som det beste laget i turneringa, men i gruppespelet tapte dei 2–0 mot Kvalen og Takvam. L.Tvinde/H.Mol som tok VM-sølv i U23-klassa i fjor tok første settet mot Kvalen og Takvam i kvartfinalen, men måtte sjå seg slått 2–1 til slutt. I finalen venta R.Sannarnes/C.Sørum og Kvalen og Takvam vann først sett 21–12 og tok andre settet 21–19.

– Å slå desse laga som er blant dei beste i Noreg er morosamt. Heile noregseliten sett vekk frå dei to hovudlaga som er opptekne med internasjonale turneringar deltok i Oddanesand Masters.

Det er ikkje mange vekene Kvalen og Takvam har hatt til trene saman, og det var heller ikkje forventa av duoen skulle gjere det så godt.

– For oss er det veldig kjekt at ting sitt såpass tidleg, men det er også litt uventa. Vi sette ein standard då vann den første turneringa i Stavanger. Vi var med å kjempe i toppen frå starten, og det er bra at vi klarer å halde oppe standaren, seier Kvalen.

No ventar det Noregs Tour i Oslo komande helg for duoen, og dei har von om å få vere med i kvalifiseringa til World Tour i Sveits neste veke.

– Det er uvisst no, men det hadde vore kult å få vere med. Vi viser bra form og er ivrige etter å yppe oss mot internasjonale lag.

Medan Kvalen skal tilbake til proffspel i Belgia i slutten av august, må Takvam melde seg i Polen 1. august. Difor spelar dei saman i to til tre helgar til før dei skil lag.