Tysdag signerte Ørjan Håskjold Nyland ei kontrakt på fire med den tyske klubben FC Ingolstadt 04 som vann 2. Bundesliga i år, og er klare for spel i Bundesliga komande sesong.

– Dette er jo gutedraumen. Å få spele i ein av dei største ligaane i verda, er eit mål for mange unge fotballspelarar, seier Håskjold Nyland til Molde FK sine heimesider.

Morkabygdingen og landslagsmålvakta hadde si første trening med tyske laget allereie tysdag ettermiddag.

– Interessa frå Ingolstadt vart kjent for meg tidligare i år, men vart konkret først den siste veka, og etter det har det gått fort! Eg var også på besøk hos den tyske klubben for ei stund tilbake, og møtte då både trenarar, leiarar og spelarar.

Ingolstadt er ikkje ein stor klubb, men Håskjold Nyland ser fram til etablere seg i byen med sambuaren Tine og sonen Oliver.

– Eg har hatt ei veldig fin tid i Molde, som har gitt meg den sportslege utviklinga eg hadde von om då eg gikk frå Hødd i 2013. Tre meisterskapsgull med Molde og landslagsplass for Noreg, har sjølvsagt vore viktig som ballast i ein prosess som den eg har vore gjennom dei siste vekene.– Eg er kjempeglad - og føler at eg no er svært klar for nye utfordringar. Eg er veldig takksam overfor Molde Fotballklubb, utmerka trenarar, utruleg kjekke lagkameratar og svært positive supportarar. Det har vore ei fantastisk tid, seier Håskjold Nyland som har ambisjonar om å verte ny førstemålvakt i FC Ingolstadt 04.