- Eg har sagt at dersom Brann ringer, så slepp eg alt eg har i hendene og kjem. Det var nesten det som skjedde, seier 51-åringen til nettstaden til Brann.

Nilsen var i Syden da telefonen frå  Brann Stadion kom.

Han har vore fyrstevalet til Brann i jakta på ny trenar. Sotraværingen signerer i første omgang ein kontakt som varer ut sesongen.

Imponerte i Hødd

- Vi trur at Lars Arne Nilsen og Brann kan bli ein god match frå første dag. Han har gitt oss eit godt innblikk i korleis han tenker som fagmann, og vi likar ideane hans. Det han utretta som Hødd-trenar var imponerende, og vi meiner helt klart at han er moden for ei så stor oppgave som den vi har gitt han no, seier fungerande sportssjef Rune Soltvedt.

Lars Arne Nilsen har tidlegare trena både Ørsta og Volda, men vil for alltid verte hugsa for å ha leia Hødd til noregsmeisterskap i 2012.

Kan bli forlenga

Dersom Nilsen blir ein suksess som Brann-trenar, er det ikkje utenkeleg at han trenar laget også neste år.

- Vi har snakka om neste år, men ønsker førebels å konsentrere oss om å gjere jobben i år, seier Soltvedt.

- Det blir rått fokus på å vinne fotballkampar. Det er det alt handler om, seier Nilsen sjølv.

Han leiar si første trening med laget laurdag føremiddag klokka 10. Måndag leiar han mannskapet i kamp mot Follo på Brann Stadion.

Lars Arne Nilsen er opphavleg frå Sotra, men har budd i Volda i mange år.