Lokaloppgjeret mellom Sæbø og Hovdebygda var berre fire minutt gammalt då Mikkel Riise slo eit innlegg som enda ved ein umarkert Stig Harald Myklebust. Veteranen var trygg og sende Sæbø i føringa. Tre minutt seinare fyrte Per Ole Egset av eit hardt skot, og returen hamna i beina på Kjetil Fosse som hadde ein enkel jobb med å sette inn utlikninga. Sæbø var det beste laget i første halvdel av 1. omgang. Yngve Frøland var nær ved å sende Sæbø tilbake i leiinga, men Håvard Aasen fekk rydda opp. Etter eit kvarter slo Bjørnar Holen eit frispark. Til slutt hamna ballen i beina på spelande trenar Mats Riise på fem meter. Med ryggen mot mål sende han vertane tilbake i leiinga med eit frekt hælspark. Frøland var igjen nær skåring nokre minutt seinare, men avslutninga gjekk like utanfor. Mikkel Riise var farleg frampå, men igjen gjekk avslutninga utanfor. Ti minutt før pause vart Jan Petter Mork spelt gjennom, men Steffen Wille Ytterstad varta opp med ei god redning. Tre minutt seinare avslutta Aleksander Berget i stolpen for Hovdebygda. Eitt minutt på overtid gav ei feilvurdering Kjetil Kalvatn sjansen, og på ope mål utlikna han til 2-2.

Då 2. omgang var 1 minutt gammal fekk Terje Skrede ein stor sjanse for gjestene, men frå 10 meter sette han ballen over mål. Christer Mork kom til avslutning litt seinare, men skotet gjekk rett på Wille Ytterstad. Etter 55 minutt var Tarald Harstad spelt gjennom, og han sende Sæbø tilbake i leiinga. Hovdebygda fekk ein dobbeltsjanse etter eit hjørnespark like etterpå utan teljande resultat. Då kampen var 63 minutt gammal fekk gjestene tildelt straffespark, og Mork var trygg frå straffemerket. To minutt seinare fekk vertane frispark 25 meter frå mål. Holen sende av garde ballen, og den gjekk gjennom feltet og rett i mål. Sæbø var tilbake i leiinga for fjerde gang i kampen. Egset var nær ved å utlikne rett etter skåringa, men frisparket gjekk utanfor. Etter 71 minutt fekk Mork avslutte i Sæbø-feltet, og skotet gjekk via ein Sæbø-spelar og i mål bak ein utspelt Wille Ytterstad. Ti minutt før ordinær tid avslutta Håvard Kårstad i tverrliggjaren. Minuttet seinare vart Mikkel Riise spelt gjennom, men avsluttninga gjekk rett på Aasen i Hovdebygda-målet. Då det var spelt 90 minutt sende Mork Hovdebygda i leiinga for første gang i kampen etter eit innkast. Sæbø prøvde å jage ei utlikning på overtid, men dei lukkast ikkje og Hovdebygda kunne sleppe jubelen laus.

Åmdal-tap

Åmdal tok onsdag turen til Stranda. Gjestene tok føringa i kampen ved Kai Robin Myklebust og Kristian Sirnes dobla leiinga før Stranda fekk ei redusering før pause. I 2. omgang gjekk det ikkje Åmdal sin veg. Stranda utlikna, og to skåringa til gav vertane 4-2-siger og tre poeng.