Ørsta tapte fredag kveld 0-1 for Haram-laget Norborg.Lenge såg det ut til å gå mot mållaust, men fem minutt før full tid skåra Elling Mikal Kalvø for heimelaget etter eit hjørnespark.

Assistenttrean Terje Haugen Øye er veldig misnøgd.

- Dette var bittert. Eg meiner vi var ti jamgode lag, og vi burde ha greidd å halde nullen.

Han fortel om ein sjansefattig kamp. Ørsta hadde to store sjansar i løpet av dei nitti minutta.

- Vi var ganske gode. Vi greidde å demme opp bakover, og fekk to feite sjansar i tillegg til noke halvsjansar. Difor er det skuffande å tape, seier Haugen Øye.Ørsta har fleire skadde spelarar for tida, men Haugen Øye vel å ta det positivt.

- Det er ingenting å seie på innstillinga. Spelarane seier heile tida at vi ikkje er dårlegare enn dei vi møter. I dag var det mykje skadar og sjukdom på førehand, men det påverka ikkje dei som vart med. Den innstillinga må vi ta med oss, seier Haugen Øye.