Åmdal stod med to sigrar og ein uavgjort kamp før møtet med MSIL på heimebane onsdag kveld. Gjestene fekk den første avslutninga på mål i ein jamn 1. omgang spelemessig, men Åmdal kom til dei største sjansane. Robert Steinnes var nær ved å sende vertane i føringa etter 9 minutt, før både Kai Robin Myklebust og Steinnes sette MSIL-målvakta på prøve igjen. Midtvegs i omgangen tok MSIL leiinga i kampen etter eit frispark ved Mats Nordstrand. På tampen av omgangen redda Torbjørn Sande Åmdal frå sitt andre baklengsmål, og i det følgjande angrepet var Steinnes svært nær utlikning.

MSIL fekk ein god start på 2. omgang då Stian Hellevik dobla leiinga på eit langskot etter nokre minutt. Åmdal fekk samla seg og lagt trykk på gjestene etter skåringa. Etter 55 minutt reduserte Kai Robin Myklebust på eit frispark frå 20 meter, og tre minutt seinare heada Steinnes inn utlikna på eit hjørnespark. Aggressiviteten i Åmdal-laget var god i denne perioden og dei pressa MSIL til å gjere enkle feil. Med ti minutt att av kampen runda Myklebust MSIL-målvakt, men avslutninga gjekk i nettveggen. Fem minutt før ordinær tid fekk Pål Andre Lervåg avslutt etter eit MSIL-innkast, og via ein Åmdal-spelar gjekk ballen i mål. Dermed vart det årets første tap for Åmdal i ein kamp dei skapte meir enn nok sjansar til å avgjere.

For Åmdal ventar det no to lokaloppgjer på rad. Borte mot Hovebygda komande onsdag, og heime mot Sæbø 20. mai.

Siger

For Hovdebygda borte mot Blindheim vart det til slutt jubel. Vertane tok føringa i kampen, men Christer Mork utlikna for Hovdebygda. Kjetil Kalvatn sende gjestene i leiinga, og seinare fastsette han sluttresultatet til 3-1. Dette var Hovdebygda sin andre siger for sesongen i 5. divisjon.

Uavgjort

Sæbø tok imot Stordal heime på Sæbø-stadion. I nye drakter for heimelaget vart det ein jamn 1. omgang der laga gjekk til pause på 0-0. Det vart heller ikkje skåringar i 2. omgang, og eitt poeng til begge lag.