– Dette var ein nedtur. Vi hadde ikkje marginane med oss i dag, sa Ørsta/Volda-trenar Lars Øie etter kampen mot Ålesund søndag ettermiddag.

Dramaturgien kunne ikkje vore betre. Steinkjer var klare for 2.-divisjon neste år, medan Ørsta/Volda og Ålesund skulle kjempe om den siste plassen.

Det vart ein spesiell handballkamp med mykje tenning, tidvis svært godt forsvarsspel frå begge lag og relativt få mål. Voldahallen var nesten full, og ein vesentleg del av publikum var frå Ålesund.

Kjensler

– Det var mykje kjensler i sving på begge sider, sa Leif-Erik Brenne, Ørsta/Volda sin toppskårar i dei tre kvalifiseringskampane.

For Ålesund var bakteppet ekstra spesielt, ettersom ein av spelarane deira døde på trening for under ein månad sidan.

Begge laga starta kampen med godt forsvarsspel, og det var ikkje skåra meir enn eitt mål over 10 minutt ut i kampen.

– Vi kjem til fleire sjansar, men mange av skota går anten i blokka eller utanfor, så det er ein del marginar inn i bildet her, seier Øie.

Utover i omgangen fekk likevel Ålesund eit overtak, og gjekk til pause på stillinga 14-7. I andre omgang kom Ørsta ut i 110.

To mål bak

– Vi fekk retta opp i ein del småting vi gjorde feil før pause. Eg hadde trua på at det kunne gå, på eit tidspunkt er vil vel berre to mål bak, seier Ørsta/Volda-trenaren.

Men så rakna det.

– Vi får nokre to-minuttarar og ein del stopp i spelet, og då mistar vi taket på kampen. Så dei skårar mange av måla sine i sluttminutta. I dei avgjerande fasane av kampen ser vi at Ålesund har hatt betre matching enn oss gjennom sesongen, og er meir budde både denne typen "slåstekampar".

Kampen enda 24-17.

Kampfakta

Voldahallen, 3. mai 2015, kvalifisering til 2. divisjon.Ålesund - Ørsta/Volda, 24-17 (14-7)Ørsta/Volda: Bjørn Vik Henriksen, Håvard Skaar, Andreas Vik, Bendik Bjerke, Stian Aasen, Anders Vatsaas, Leif-Erik Brenne, Vidar Eidså, Emil T. Bjørdal, Brage Snarud, Tom Slenes, Per Ingebrigtsen, Davidas Jasinskys.Mål, Ørsta: Bendik Bjerke (2), Anders Vatsaas (1), Leif-Erik Brenne (3), Emil Bjørdal (1), Brage Snarud (2), Per Ingebrigtsen (3), Tom Slenes (4). Utvisningar, Ørsta: Bendik Bjerke, Stian Aasen, Leif-Erik Brenne og Tom Slenes.