I opningskampen mot Stjørdals Blink, leia Ørsta/Volda stort sett heile kampen. Laga følgde kvarandre tett i opningsminutta, men sunnmøringane fekk etterkvart ei luke til trønderane. Laga gjekk til pause på stillinga 21 - 17 til Ørsta/Volda.

Etter pause dominerte Ørsta/Volda i ein nesten fullsett Voldahall, og det var gått meir enn ti minutt av omgangen før Stjørdals Blink skåra.Det var takka vere både godt forsvarsspel og fleire viktige redningar frå målvaktene Bjørn Vik Henriksen og Håvard Skaar. Ørsta/Volda rykka ifrå, og leia med godt over ti mål ved fleire høve. Kampen enda 36-26.

– Vi fekk ei god gjennomkøyring mot det som truleg er det svakaste laget i kvalifiseringa. I pausa fekk vi justert litt på forsvaret, som resulterte i klart  færre baklengsmål i andre omgang. No gjeld det å nullstille seg, det blir berre vanskelegare frå no av, sa Ørsta/Volda-trenar Lars Øie til Møre-Nytt etter kampen.

Ørsta/Volda spelar sin neste kamp mot Steinkjer laurdag klokka 17, før dei møter Ålesund i siste kamp søndag klokka 13.  To av fire lag kvalifiserer seg for spel i 2.-divisjon.

Kampfakta:

Voldahallen, 2. mai 2015, kvalifisering til 2. divisjon.Ørsta/Volda - Stjørdals Blink 36-26 (21-17)Ørsta/Volda: Bjørn Vik Henriksen, Håvard Skaar, Andreas Vik, Bendik Bjerke, Stian Aasen, Anders Vatsaas, Leif-Erik Brenne, Vidar Eidså, Emil T. Bjørdal, Brage Snarud, Tom Slenes, Per Ingebrigtsen, Jonas Sira.Mål, Ørsta: Bendik Bjerke (3), Stian Aasen (3), Øystein Sæther (3), Anders Vatsaas (6), Leif-Erik Brenne (8), Vidar Eidså (3), Emil T. Bjørdal (1), Brage Snarud (3), Tom Slenes (2), Per Ingebrigtsen (4). Utvisningar, Ørsta: Øystein Sæther, Anders Vatsaas (2), Vidar Eidså, Emil T. Bjørdal.

Kampoppsettet:

LAURDAG

Klokka 12: Ørsta/Volda - Stjørdals-Blink (slutt, 36-26)

Klokka 14: Ålesund - Steinkjer

Klokka 17: Steinkjer - Ørsta/Volda

Klokka 19: Stjørdals-Blink Ålesund

SØNDAG

Klokka 11: Stjørdals-Blink - Steinkjer

Klokka 13: Ålesund - Ørsta/Volda