– Det var mykje positivt å ta med seg, og vi var definitivt det beste laget. I G16 er det ganske sterkt. I andre alderskull er det nok å ha ein veldig god spelar, men i G16-klassa er det ikkje det og det var den hardaste puljen under cupen, seier trenar Lars Øie.

Full pott i gruppespelet

Ørsta handball reiste til Kristiansund med G15-laget og fylte opp med 16-åringane som var med i fjor. Fredag opna Ørsta gruppespelet med 8-6-siger over Ranheim, og slo Lånke IL 14–7 i andre kamp. I første kamp laurdag vart Kristiansund slått 13–5. Mot KHK G16 vart det 18-13-siger og i siste kamp i gruppespelet vart det 8-5-siger mot Skaun HK G15. Dermed fossa Ørsta gjennom gruppespelet med full pott og ein målforskjell på 61–36.

– Vi veksla jamt på å bruke alle spelarane i dei innleiande kampane, og alle utespelarane kom på skåringslista gjennom turneringa.

Ørsta var klare for a-sluttspel, og Skaun HK var motstandar i semifinalen. Med 12-7-siger var Ørsta klare for finalen der KHK G16 var motstandar.

– I finalen var det 98-arane som drog det meste av lasset. Finalen var tøff og laga følgde kvarandre heile vegen. Vi møtte Kristiansund seint på laurdag, og då køyrde vi over dei. Dei var nok litt sjokkert, og var betre førebudd i finalen.

Til topps

Til slutt var det Ørsta som kunne juble med 16-13-siger.

– Eg er litt overraska at det vart sju sigrar på sju kampar, og det var ingen feilskjer sjølv om vi hadde til råda til det. Vi skåra mykje mål og slapp inn lite mål. Dei siste åra har eg prøvd å fokusere på forsvarsspelet, og det lyste gjennom både under cupen og i seriespelet denne sesongen.

– Veldig god turnering

Øie er godt nøgd med prestasjonen som G15/16-laget leverte i Kristiansund.

– Einaste eg sakna var lagspelet i enkelte kampar. Det vart nokre kampar der det var mykje Leif-Erik Brenne. Han er veldig flink til å spele opp og få med andre, men i nokre kampar så fekk vi ikkje spelet til å stemme. Elles var det ei veldig god turnering.

G15-spelarane har no ferie til 1. juni medan G16-spelarane skal vere med herrelaget i kvalifiseringa til 2. divisjon.