Med to kampar att av sesongen var scenarioet for Waves før møtet med Sharks at ein siger ville sikre dei 2.-plassen i 1. divisjon. Sidan det stod att to kampar mot storebror Sharks ville Waves miste andreplassen om det skulle verte to strake tap.

I Idrettsbygget i Volda samla rundt femti tilskodarar seg for å heie fram dei to laga. Waves fekk ein god start i 1. periode før Sharks tok over. Då perioden var over hadde Waves slått tilbake og var i føringa 23–17. Midtvegs i 2. periode hadde leiinga auka til 33-21, mykje takka vere ein svært god Roger Kapolo for heimelaget. Då laga gjekk til pause var vertane i leiinga 37–32.

Avgjort på overtid

Starten på 3. periode høyrde til Sharks og etter nokre minutt hadde dei utlikna til 41–41. Kapolo skrudde på turboen mot slutten av perioden og før siste periode var stillinga 57–53. Sharks opna også 4. periode godt, og tok føringa. Med tre minutt att av kampen var Waves fire poeng bak. Vertane kom tilbake og utlikna til 69–69 og kampen gjekk til overtid.

Halvvegs ut i overtida var det framleis tett og stillinga var 78–78. Med eitt minutt av overtida tok Waves føringa 80-78, men Shaks utlikna i etterfølgjande angrep. Med ti sekund att av kampen skåra Charly Pérez to poeng etter ein retur. Kapolo vann tilbake ballen frå Sharks og vart feila, og skåra på eitt av to straffekast. Dermed kunne heimelaget sleppe jubelen laus, saman med heimepublikummet, for siger og at 2.-plassen i 1. divisjon er sikra før siste kamp mot Sharks.

– Det er utruleg herleg å sikre oss 2.-plassen, og spesielt då det vart ein slik spennande kamp, seier leiar Daniel Grevsnes Denton i Volda og Ørsta basketballklubb.

– Slo dei igjen

– I periodar så spelte vi veldig bra og då vi ikkje gjorde det hadde vi ikkje hovudet på rett plass. Aalesund er storebror eigentleg, med tanke på at dei har eksistert mykje lenger enn oss, men no slo vi dei igjen.

Volda Ørsta Waves kan no gå til siste seriekamp heime med Sharks med senka skuldrer.

– Vi har von om at denne kampen vert i slutten av april eller byrjinga av mai.