Volda Handballklubb sikra seg søndag den siste ledige plassen i 1. divisjon.

Dei var aldri truga av Fyllingen, men leda jamt heile kampen.

Etter første omgang gjekk Volda til pause med trygge 23-14 i målforskjell.

Dette var vinn eller forsvinn for Volda-damene, som etter ein sesong i 2. divisjon er svært svoltne på meir spel i etasjen lenger opp.

Les også: Frå nederlag til storsiger

I andre omgang var dei trøytte etter ei lang helg med kvalikkampar, og det vart ein del slurvete spel på bana, men også Fyllingen kjende dei to siste kampane i kroppen, og klarte aldri å truge Volda. I tillegg heldt målvakt for Volda, Runa Vik, buret reint i lengre periodar.

Sluttresultatet vart 34-27, og det var jublande glade handballdamer som feira sigeren.

- Dette er berre sjukt herleg. Eg kjenner berre glede og lettelse. Fyllingen var aldri nær med å truge oss, og forsvaret satt godt, og vi hadde full kontroll heile kampen, seier ein svært glad toppscorer for Volda, Malene Aambakk.

Ho sette åtte mål i kampen, mens lagkamerat Olivia Kiss scora sju.