NM i slopestyle og big air vart arrangert på Hafjell i helga, og samla dei beste snowboardkøyrarane i landet. 15-åringen Torstein Mo Vatne har levert gode prestasjonar i noregscupen i slopestyle gjennom sesongen, og hadde von om å kjempe om edelt metall i klassa yngre junior også i NM. Torsdag starta kvalifiseringa til slopestyle. 15-åringen fekk ikkje landa det første runnet sitt slik som han ville. I det andre runnet heldt han litt tilbake for å prøve å sikre seg finaleplass, og det enda med han vann kvalifiseringa. Etter planen skulle både kvalifiseringa og finalen gjennomførast torsdag, men grunna snøvêret vart finalen flytta til fredag.

– I finalen fekk eg eigentleg til det eg hadde tenkt, seier Mo Vatne.

Det enda med 3.-plass bak Kristian Skjømming og Sondre Bratt Andøl, men Mo Vatne kunne juble for sin første NM-bronse.

Laurdag var det klart for big air. Deltakarane hadde tre forsøk på det store hoppet, og det beste runnet vert teljande.

– Big air er berre eitt hopp og det gjer at køyrarane dreg på med alle mulege triks. Truleg var det underlippen min som sikra meg ny 3.-plass og bronsemedalje.

– Korleis vil du sjølv summere opp NM?

– Eg følte sjølv at det gjekk veldig bra, og to bronsemedaljar i NM er ganske bra. Vi var ein heil gjeng som køyrde saman og hadde det kjekt, og parken på Hafjell var heilt konge, seier Mo Vatne.

Samanlagtlista for noregscupen i slopestyle er ikkje heilt klar, men med gode plasseringar gjennom sesongen er Mo Vatne med og kjempar i toppen. Likevel vil NM-medaljane vere høgdepunktet for snowboardtalentet denne sesongen.

– NM er høgdepunktet for min del. NM er og avslutninga av noregscupen, og alle dei store norske snowboardkøyrarane som Ståle Sandbech og Silje Norendal var på plass. Det var sjukt kjekt.

Til neste sesong tek Mo Vatne steget opp i juniorklassa.

– Det vert veldig mykje vanskelegare, men eg vil bruke tid, trene hardt og utvikle meg vidare slik at eg tek nivået.

No ventar påskeferie og køyring på Bondalseidet for NM-medaljøren.

– Der er herleg snø å trene i, og eg vert nok å sjå på Bondalseidet mesteparten av påska.