Sparebanken Møre-cup består av 10 renn  som blir arrangert av dei ulike klubbane rundt om i heile Møre og Romsdal. For dei som er 13 år og eldre blir det etter siste renn kåra ein samanlagtvinnar i kvar klasse der dei 7 beste renna tel i samandraget. Litt over  100 deltakerar deltok i dei  to siste renna i cupen som gjekk i Stordal og Valldal i helga.

Laurdag var det distanserenn i klassisk for dei eldste medan rekruttane gjekk 1 kilometer med fellesstart.  Hovdebygda stilte her med 13 utøverar. Vegard Røyrhus var best av desse og gjekk inn til andre plass i klasse M 17 år. I klasse J 14 år gjekk Maria Sætre og Svea Gretland gode løp og vart nummer 4 og  5.  Nathalie Vatne Aa vart nummer 3 i klasse J11 år og Håvard Sætre nummer 4 i G 11år.

Søndag skulle Sparebanken Møre- cupen avgjerast med duathlon.  Etter andre plassen laurdag måtte Vegard Rørhus vinne avslutningsrennet for å vinne cupen samanlagt.  I ein spanande duell med Ole Henrik Lervik frå Molde og Omegn IF greidde Vegard dette med minst mogeleg margin. Etter at dei to gjekk i lag under heile rennet var Vegard 7 tideler raskare enn konkurrenten på oppløpet og kan dermed kalle seg fylkets beste 17 åring sesongen 2015. Åsmund Brunstad Øyehaug frå Hovdebygda IL vart nummer tre samanlagt  i klasse M 18år. Ingvild Øye vart vinnar av klasse K 19/20 år samanlagt. Ingvild var oppteken med NM i Harstad denne helga og deltok difor ikkje i Valldal.

Dei fleste frå Hovdebygda reiste i lag og overnatta i hytter i Valldal mellom renna. Dette vart såleis ei sosial familiehelg som markerte slutten på ein flott skisesong for klubben.

Hovdebygda IL langrenn