Etter ei jamn opning på kampen i Idrettsbygget tok vertane over banespelet meir og meir.

– I tredje periode sparka vi skikkeleg ifrå og hadde fullt banepress. Vi forsvarte oss på heile bana, og Ranheim takla det ikkje. Vi snappa opp 15–20 poeng på nokre få minutt, og stemning i hallen var svært god. For publikum var det nesten ikkje råd å få pause i klappinga for vi stal ballen med ein gang Ranheim sette i gang spelet igjen, seier leiar Daniel Grevsnes Denton i Volda Ørsta basketballklubb.

Aalesund neste

Med godt spel på bana enda det med ein komfortabel 77-42-siger for Volda Ørsta Waves som var førehandsfavorittar.

– For vår del var det artig at gamletrenaren Lars Vatne Nielsen tok turen, og vi inviterte han på benken og han tok på seg rolla som lagleiar. Dette gav oss ekstra energi, og spelande trenar Eskild Valsø Lied kunne konsentrere seg om å spele og ikkje tenke taktisk.

For det lokale basketballaget står det att to kampar denne sesongen, og begge vert mot Aalesund Sharks.

– Regionen har forsømt seg og vi må sjølve verte einige om tidspunkt for desse kampane. No er det så seint på sesongen at spelarane våre byrjar å reise vekk. Darius Valaitis reiser til Litauen og Ole Petter Røyrvik reiser også. Vi ynskjer å få spelt første kampen mot Aalesund fredag denne veka. Viss vi ikkje får med våre beste spelarar til desse kampane kan det plutseleg vert spennande i serien att, seier Denton.

Volda Ørsta Waves ligg på ein 2.-plass i 1. divisjon. NTNUI Nerds er seriemeister, men Aalesund Sharks er fire poeng bak Volda Ørsta Waves. Om det skulle verte to tap i lokaloppgjera kan Waves verte passert av Aalesund, og må då ta til takke med ein 3.-plass i divisjonen.

– Om det vert ein 2.-plass for oss vil det ha vore ein ok sesong. Vi er gode nok til å ta 1.-plassen, men vi har gått på nokre irriterande tap der vi har vore få spelarar og andre omstende har spelt inn. Om vi hadde teke 1.-plassen i 1. divisjon samtidig som damelaget til Volda handball rykka opp til 1. divisjon så ville det har vore ein fenomenalt år for den lokale idretten, seier Denton.