Måndag offentleggjorde Norges Handballforbund kven som skal arrangere kvalifiseringsspelet til 1. divisjon for herre og damer. Charlottenlund SK har fått tildet kvalifisering for menn og Volda handball har fått tildelt kvalifiseringa for kvinner. Begge kvalifiseringane skal spelast helga 11.-12. april.

Kvalifiseringspuljene er også trekt. Som vinnar av avdeling 5 møter Volda vinnar av avdeling 6, Bravo, og vinnar av avdeling 1 som enno ikkje er avklart. I den andre pulja er det Grane Arendal klare for kvalifiseringsspel medan det ikkje er avklart kven dei to andre avdelingsvinnarane vert. Puljevinnarane rykker direkte opp i 1. divisjon. Dei to laga som kjem på andreplass i pulja spelar ein ekstra kamp for å ta den tredje og siste opprykksplassen.