Sverresborg leverte nok årsbeste og overraska eit tamt Voldalag med eit offensivt forsvar som stressa Volda-spelarane til å gjere mange tekniske feil. Før pause styrte heimelaget det meste på bana og kunne gå til pause med åttemålsleiing. Også i starten av 2. omgang var Trondheimslaget best og på det meste var leinga på ti mål. Mot slutten greidde Volda å redusere tapet til sju mål. Volda-trenar Igor Terzic summerte opp kampen slik:

– Det meste gjekk gale i dag. Vi var ikkje klare til kamp og greidde ikkje å løyse deira 3-2-1 forsvar. Sverresborg spelte ein god kamp og vi hadde ein heilsvart dag på jobb.

Søndagens motstandar Ranheim vart som venta eit lett bytte for Volda. Trondheimslaget hadde lite å kome med og det var tydleg frå start at dette var topp mot botn. Før pause overkøyrde Volda trønderane og leia heile 18–5 ved pause. Utover 2. omgang auka sunnmørslaget leiinga og ved full tid stod det 33–14.

Kampfakta

Sverresborg - Volda HK     26 – 19 (15 -7)

Munkvollhallen

Volda: Runa Vik, Melita Jug, Anette Berg 2 , Kine Kvalsund  4,Olivia Kiss 1 , Maria Ulla 1, Line S.Hagen, Vanessa S.Hoel 1 , Hilde Egset , Tina Gavranic, Aukse Aglienskiene 2,Kaisa Holsvik 2, Malene Aambakk 6

Toppskårar Sverresborg: Ingrid Larsen og Silje Ulset 7 kvar

Utvisningar: Volda 2 x 2min, Sverresborg 2 x 2min.

Ranheim - Volda HK     14 – 33 (5 -18)

Vikåsen idrettshall: 40 tilskodarar

Volda: Runa Vik, Melita Jug, Anette Berg 5, Kine Kvalsund 2 ,Olivia Kiss 7, Maria Ulla 2, Line S.Hagen 6, Vanessa S.Hoel 3 , Hilde Egset 3 , Tina Gavranic 1, Aukse Aglienskiene 1,Kaisa Holsvik 1, Malene Aambakk 2

Toppskårar Ranheim: Mia Lundberg og Siri Kambuås 3 kvar

Utvisningar: Volda 2 x 2min, Ranheim  1 x 2min.

Tekst: Ove Krumsvik