Volda møter Heimdal og Utleira i dei siste kampane i Voldahallen denne sesongen. Heimdal greidde uavgjort og det vart også ein jemn og spanande kamp mot Utleira som Volda til slutt vann med 2 mål siste helga i november. Volda leiar avdelinga med 2 poeng med ein kamp mindre spelt enn Byåsen Bredde. Vert det full pott i sesongens siste heimekampar, er Volda avdelingsvinnarar når 2 bortekampar står att neste helg. Dette fordi Volda går foran Byåsen Bredde på grunn av at innbyrdes oppgjer er i favør Volda.

Hilde Egset og Tina Gavranic usikre

Dei sentrale midt-backane til Volda, Hilde Egset og Tina Gavranic har begge skada seg på trening denne veka og det er usikkert om dei kan spele i helga.

- Dette er viktige spelarar og om dei ikkje vert klare er dette sjølvsagt ikkje optimalt for oss. Dette veit vi nok ikkje 100% før rett inn i kampane. Uansett har vi god bredde i troppa og då er det andre spelarar som må stå fram. Eg trur sjølvsagt på to nye sigrar, men eg forventar tøff motstand i begge disse kampane. Det er i alle fall god stemning i laget  og alle  er innstilt på å avgjere det heile denne helga, seier trenar Igor Terzic.

Ser ein på tabellen og resultata så langt kan det sjå ut til at Utleira har det sterkaste laget. Dei rykte ned frå 1. divisjon  i fjor og  hadde ambisjonar om direkte opprykk saman med Volda, men har vore for ujevne denne sesongen. Heimdal har også prestert ujevnt, men greidde altså uavgjort mot Volda sist laga møttes i november. Det kan derfor bli meir spaning denne helga enn publikum har blitt vant i Voldahallen denne helga.