Utgangspunktet før den siste kvalifiseringskampen for Ørsta G19 var at dei med siger ville vere klare for 1. divisjon. Om Aksla vann kampen ville dei ta plassen i 1. divisjon, og med uavgjort ville ingen av laga kvalifisere seg. Det var heimelaget som styrte kampen i 1. omgang og 17 minutt ut i kampen sendte Sigurd Aarflot Sundnes vertane i føringa. Ti minutt seinare dobla Fredrik Jørgensen leiinga og det såg lyst ut for heimelaget. Fire minutt seinare reduserte Jørgen Prytz Ritland for Aksla og skapte ny spenning i kampen. Laga gjekk til pause på stillinga 2–1 til Ørsta.

– Vi burde punktert kampen i 1. omgang. Det vart skapt mange store målsjansar, og Aksla skapte ein sjanse i tillegg til målet, seier Arnstein Sandvik som leia laget frå sidelina og som er dagleg leiar i Ørsta IL fotball.

I 2. omgang vart det ikkje skapt mykje målsjansar. Med femten minutt igjen av kampen fekk Sundnes sitt andre gule kort, og fekk marsjordre.

– Defensivt var det mykje bra og Aksla skapte ikkje sjansar. Offensivt var det rufsete frå oss i 2. omgang. Det vart ein litt annan kamp etter utvisinga. Vi hadde lite avslutningar på mål, men det viktigaste var å kvalifisere laget, seier Sandvik.

Med 2-1-siger vart Ørsta det beste trearlaget og er dermed klare for 1. divisjon. Volda sitt juniorlag hamna også på ein 3. plass i si gruppe, men må spele 2. divisjon denne sesongen.

G16-laget til Ørsta er og klare for spel i 1. divisjon denne sesongen. I første kvalifiseringskamp slo dei Hessa/SIF 3-1, og spelte uavgjort 1–1 mot Herd i andre kamp. I siste kamp vart det 0-4-tap mot Stranda, men Ørsta var og beste trearlag blant G16-laga. Hovudtrenar for Ørsta er Henning Nygård som har med seg Arnt-Helge Bjerknes i trenarteamet.

– I år så har vi 16–17 reine juniorspelarar, og det er ei stor gruppe på G16. Totalt har vi 45 spelarar i gute- og junioralder. I tillegg er det 14-åringar som og vil spele for gutelaget. No vert det junior- og gutelag i 1. divisjon, og vi stiller i tillegg eit 11-ar-lag for G16, seier Sandvik.