Med ein kamp mindre spelt låg Melhus/Gimse fire poeng bak Ørsta/Volda før laga møttest laurdag. Med bortesiger ville Ørsta/Volda sikre seg kvalifiseringsplassen til 2. divisjon. Etter ei jamn opning på kampen tok Ørsta/Volda kontroll over kampen, og dei gjekk til pause med 14-11-leiing. Gjestene heldt fram med godt spel i 2. omgang, og leiinga berre auka. Melhus/Gimse noterte seg berre for fem skåringar i 2. omgang, og Ørsta/Volda kunne juble for ein komfortabel 25-16-siger og kvalifiseringsplass, seier trenar Lars Øie.

– Vi forventa litt meir kamp enn det vi fekk, og etter femten minutt av 1. omgang hadde vi god kontroll på kampen. Laget leverte ein god kollektiv kamp. Vi burde kanskje hatt ti mål til og vi hadde mykje stangskot. Desse kom etter godt kollektivt spel, og vi var litt uheldige i avslutningane.

Leif-Erik Brenne kom rett frå prøvespel i Horten med fly til Trondheim.

– Vi var godt nøgde med å få med oss Leif-Erik til kampen, og han putta jamt og trutt med mål.

Ørsta/Volda leverte ein god kamp, og det vart ein solid lagsiger.

– Kampen var lik den mot Langevåg med litt mindre press framover. Stian Aasen spelte godt som midtback. Anders Vatsaas sleit litt med ein skade. Brenne og Per Ingebrigtsen skåra slik som dei gjorde mot Langevåg, og vi er nøgde med det.

Komande søndag ventar ein tøff heimekamp mot serieleiar Molde/Elnesvågen som ikkje har tapt på elleve kampar.

– Vi må berre trene godt denne veka, og gjere det vi har gjort i dei to siste kampane. Vi skal gje Molde den motstanden som vi er gode for, og det klarte vi ikkje sist. Vi må få spelet vårt til å gå, og Molde må ikkje få kontre for der er dei farlege, seier Øie.

Kampfakta

Melhus/Gimse–Ørsta/Volda 16–25 (11-14)

Ørsta/Volda: Håvard Skaar, Stian Skaar, Leif-Erik Brenne 8, Tom Slenes 2, Emil T. Bjørdal 3, Bendiks Øverbø, Anders Vatsaas 1, Per Ingebrigtsen 3, Stian Aasen 1, Øystein Sæther 1, Sondre Mork 3, Jonas Sira 1, Vidar Eidså 2.