Det tradisjonsrike Alperittet, som i år og var NM i fjelltelemark, vart arrangert på Stranda laurdag. Nærare 200 løparar fullførte rennet som har ei lengd på 6,2 kilometer og ein høgdeforskjell på 1.100 meter. Eitrefjell Telemarkklubb har gode tradisjonar for å hevde seg i Alperittet, og det skjedde også i år. I klassa damer 22–29 år vart det kamp om NM-gullet for to lokale køyrarar. Birgitte Bjørdal vann klassa 14,4 sekund før Marta Hauge. Ingrid Skrede frå Volda køyrde inn til bronse med Siv Heggen på fjerdeplass.

I herrar 22–29 år vart det og hard kamp om gullet. 4,5 sekund skilte Espen Marcelius Gjems (Spiterstulen Bre og Fjellføring/Team Coremine) og Terje Stokke (Eitrefjell Telemarkklubb) då løparane kom i mål. Gjems tok gullet føre Stokke, og Sondre Skrebergene (Nordre Land IL) tok bronse.

I herrar 40–49 år fylte Eitrefjell Telemarkklubb opp heile pallen. Tov Lerheim tok 1.-plassen og var 25,9 sekund føre Paul Rune Ingebrigtsen i mål. Rune Lied køyrde inn til 3. plass. i Herrar 30-39 år leverte Thomas Strand eit godt løp, og køyrde inn til 2. plass. Jon Arne Steinsvik tok 4.-plassen i klassa. Per Endre Woldsund vann herrer 50+.

Den lokale helten Bjarne Solbakken køyrde sitt første Alperitt og vann alpinklassa i herrar 30–39 år. Einar J. Tvergrov (Eitrefjell Telemarkklubb) køyrde inn til delt femteplass med Wilhelm Bjølseth. Jan Erik Fremmerlid enda på ein fjerdeplass i klassa 40–49 år i alpin, og var 3,5 sekund unna ein tredjeplass. Ørstingen Synnøve Sunde deltok i sitt første Alperitt, og køyrde inn til 2. plass i alpinklassa for damer 16-29 år.