Det var engelske The Sun som først melde at Ørjan Håskjold Nyland kan vere aktuell for Premier League-klubben Everton.

Søndag melde ESPN at klubben skal vere villige til å kjøpe voldingen ut av kontrakten med Molde. Den varer fram til sommaren 2018.

Nyland fekk eit kontraktstilbod frå Everton allereie etter cuptriumfen med Hødd i 2012. I 2008 var han på prøvespel i Liverpool-klubben, melder RBnett.

ESPN trur Molde verdset Nyland til om lag tre millionar pund, eller nesten 35 millionar kroner.