Dei ti siste åra har langrennsgruppa nytta ei eldre beltevogn for å legge spor i løypene på Daleteigane. Dei hadde von om å få på plass ein meir moderne trakkemaskin som også kunne legge skøytespor, og dette kom på plass i byrjinga av desember i fjor.

– Vi fekk maskina hit i byrjinga av månaden, og siste helga før jul fekk vi ta den i bruk. No har vi brukt i ein månads tid, og vi er godt nøgde, seier leiar Daniel Breivik.

– Plass til fleire

Den siste månaden har det vore gode forhold på Daleteigane.

– Det har i grunnen vore fine forhold heile vegen. I starten av løypa har det vore litt lite snø, men vi har fått lagt på snø her og det er ein bra sole. Det er framleis gode forhold her, og kjem du litt i løypa er det heilt perfekt. Det har vore mykje folk i løypene, og det er plass til enno fleire. Første søndagen etter nyttår var det heilt smekkfullt på parkeringsplassen, og det er kjekt å kunne tilby gode forhold så nært sentrum, seier Breivik.

– Som natt og dag

Langrennsgruppa kan tilby ei mil med løype på Daleteigane, og rundt fem kilometer av løypa er lyssett. Med den nye trakkemaskina kan det fryse på, og dei kan framleis frese opp og laga spor om det er hardt.

– Det er som natt og dag å bruke trakkemaskina samanlikna med beltevogna, seier Arild Stokke.

Langrennsgruppa har von om at det kjem meir nysnø.

– Det har vore mykje våt snø, og ikkje tørr og fin snø som vi gjerne ynskjer, seier Breivik.

Von om meir midlar

Den gamle beltevogna har vorte selt til Skikkelstad, og vil no m.a. verte nytta til å frakte proviant og utstyr mellom DNT sine hytter. Å få på plass ei ny maskin er ei stor oppgradering for langrennsgruppa.

– Trakkemaskina har vore eit kjempeløft for oss, og det å få spelemidlar har vore gull verdt. I tillegg til støtte frå banken og næringslivet. Vi har von om å få inn litt meir midlar, og vi treng meir. Vi har kostnader, og alt vi driv med vert gjort på dugnad. For vår del så kostar det 250 kroner i diesel for å trakke ein gang, seier Breivik.