– Vi er strålande nøgde med å Thomas Lid Kleppe og Terje Haugen Øye inn i trenarteamet. Thomas er hovudtrenar og Terje er hjelpetrenar. I tillegg så vert Jon Olav Kriken målvaktstrenar og Reidar Vågnes kjem til å ha ei rolle inn mot teamet. Vågnes si rolle i klubben er todelt. Han har ein del inn mot a-laget, men hovudtyngda vert mot klubbutvikling, seier dagleg leiar Arnstein Sandvik i Ørsta IL fotball.

I år har Thomas Lid Kleppe vore kaptein for Nest-Sotra i 1. divisjon i haustsesongen, og var med på å sikre laget ny kontrakt i divisjonen. Han har fleire sesongar med Hødd der han og vart noregsmeister. No har han flytta tilbake til Ørsta, og såg det som naturleg å involvere seg i gamleklubben.

– Det var ikkje eit vanskeleg val for min del. Eg hadde det i bakhovudet når eg flytta heim at eg mest truleg kom til å ta over trenaransvaret. Eg har heile tida hatt ambisjonar om å satse på ei trenarkarriere, og eg føler at det er ein god plass å starte. Ørsta er ein klubb eg har vakse opp i og som eg har eit godt forhold til. Eg satsar på at eg saman med Terje og dei andre i klubben klarer å få Ørsta-fotballen opp å gå att etter å ha vore litt skadeskoten dei siste åra, seier Lid Kleppe.

Haugen Øye har trent Sæbø saman med Yngve Frøland dei siste sesongane, og vart toppskårar for Sæbø i 5. divisjon denne sesongen med 29 mål. Både Lid Kleppe og Haugen Øye har skrive kontraktar på eitt år for Ørsta. I utgangspunktet vil dei vere trenarar. Om dei vert å sjå på bana vil dei begge ta ei vurdering på etter kvart.

– Eg har vore trenar for Sæbø i nokre år, og det var avgjort at eg ikkje vart med vidare der før dette kom opp. Det vert ei ny utfordring her, og dei som kjenner meg veit at eg at eg har behov for å flytte litt på meg. Eg ser fram til å ta fatt på dette og rolla mi går hovudsakleg ut på å legge til rette for Thomas slik at jobben hans vert enklast og best muleg, seier Haugen Øye.

Mange unge og lovande spelarar er på veg opp i Ørsta, og Lid Kleppe ser fram til å sette sitt preg på laget.

– Det er veldig mange spennande spelarar i aldersgruppa 14–17 år i Ørsta. Det er eit håp for vår og Ørsta fotball sin del at dei skal ta steget og verte den nye stammen i Ørsta om eit par år. Så er det også viktig for oss å få med dei som har vore med og som byrjar å kome litt opp i åra, og som framleis er interessert i å bruke tid på fotball og utvikle seg både individuelt og kollektivt. Vi kan ikkje spele seniorfotball berre med gutespelarar. Det vert vanskeleg,

– Kor godt kan Ørsta gjere det komande sesong med ein ny trenarduo på plass?

– Vi har von om at det gir ein ny giv, og vi kjem sikkert med ny tankar og idear om korleis vi skal trene og korleis vi skal stå fram i kampane. Vi håper at det er ei motivert spelargruppe som møter på trening 5. januar, og at vi legg eit godt grunnlag fram mot seriestart. Så får vi ta vurderingane langs med, og ambisjonane når det nærmar seg sesongstart.

– Vi har veldig god tru på dette, og tru på litt yngre krefter og svoltne folk med tanke på å utvikle seg som trenarar. Så har dei enorm erfaring og kompetanse rundt fotball, seier Sandvik.

Lid Kleppe har vore innom Volda, Hødd og Nest-Sotra sidan han var i Ørsta førre gang, og det kjennest godt å ha Ørsta-emblemet på brystkassa igjen.

– Det kjennest behageleg, og det er godt å vere tilbake. Når eg flytta tilbake så var det berre eit tidsspørsmål før eg var tilbake i klubben, og det er veldig greitt å kunne engasjere seg.