Malene Aambakk har inngått avtale med Storhamar Håndball om å verte lånt ut til Volda Handballklubb frå 01.01.2015 og ut sesongen. Aambakk er no inne i sin 2. sesong for Storhamar, men det har blitt forholdsvis lite speletid denne sesongen, i konkurranse med landslagsspelaren Maja Jacobsen.

- Slik sesongen har utvikla seg i år har eg valgt å gå på utlån til Volda HK ut sesongen. Årsaka til dette er at speletida mi ikkje har utvikla seg i den retninga eg hadde håpa på i Storhamar og eg føler at eg no treng kamptrening. Volda held eit godt nivå og det vil bli bra for meg å få spele kampar her, samtidig som eg kan være ein ressurs for Volda med tanke på opprykk til 1.div, seier Aambakk i ei pressemelding.

- Volda er eit godt lag og eg meiner at laget også i år held 1. divisjonsnivå. Etter sesongen vil eg vurdere om eg går tilbake til Storhamar, fortsette i Volda om dei har rykt opp eller om andre klubbar er aktuelle. Likevel er eg glad for å ha fått til ein god avtale med Storhamar slik eg kan få trent med dei når eg er på Hamar, og at dei på denne måten held døra open for meg med tanke på neste år.

Volda handball er glad for at Aambakk kjem tilbake til klubben.

- Vi er svært glade for at Malene kjem tilbake og vil hjelpe oss i sluttspurten for å nå målet om 1. divisjon. Vi har allereie ei god back-rekke, men vi har denne sesongen mangla venstrehendte spelarar og er overtydd om at Malene på den måten tilbyr laget ein viktig dimensjon i tillegg til å være ein dyktig avsluttar. Vi er framfor alt opptatt av at Malene får gode opplevelser framover og får tilbake trua på seg sjølv, før ho tek steget tilbake til eliten enten det er for Volda eller andre klubbar, seier leiar Arild Bakke.

I løpet av dei næraste dagane vil Volda handball tak kontakt med Storhamar for å få den formelle delen av avtalen på plass.

- Vi vil dei næraste dagane ta kontakt med Storhamar for å få den formelle delen av avtalen på plass. Uansett vil Malene ikkje være speleklar for Volda første helga i januar mot Levanger II, då ho må stå over ein kamp for Storhamar først. Første aktuelle kampen blir derfor mot Meldal 10. januar i Voldahallen.