Ho har vore ute av treningsmodus og mister dei to første VM-uttaksrenna.

– Eg har byrja å røre på meg att etter å ha vore ute av drift ein periode. Dei to uttaksrenna på Vang som eg har sett fram til kjem til å gå fløyten. Eg fryktar også at det kan verte hardt å rekke dei to på Lygna i første halvdel av januar, men eg håper at eg skal klare det, seier Ingvild til Møre-Nytt.

19-åringen har fått ein bra treningskvardag etter at ho i august flytta til Meråker for å kombinere studium og vidare langrennssatsing, men i slutten av oktober merka ho at kroppen ikkje responderte like godt som han brukar å gjere. Prøvene som vart tekne viste at alt ikkje var som det skulle, og ho fekk beskjed om å ta det med ro. Det var ein kjedeleg beskjed då ho nettopp hadde kome heim frå ei treningssamling i Austerrike og var inne i ein tøff treningsperiode.

Ho var på det tidspunktet ikkje klar over at det skulle verte eit så langt treningsavbrekkt. Heller ikkje at VM-uttaksrenna i Hedmark kom til å gå utan henne. Ho innrømmer at det var litt tungt å fordøye at det vert vanskeleg å kjempe om VM-plass, men er no tilbake i Meråker og trening igjen. Ho må difor ikkje avskrivast med tanke på dei viktige renna.