Voldadamene spelte sin siste seriekamp i 2014 og inntok tabelltoppen etter å utklassa Trondheimslaget Sverresborg heile 36-22 i Voldahallen laurdag kveld. Laget kan dermed ta juleferie med ni sigrar og ein uavgjort på ti kampar.

Dei har to kampar  mindre spelt enn Utleira som ligg på plassen bak. Likevel ser det ut til at Byåsen Bredde blir den tøffaste motstandaren for Volda om opprykket. Dei ligg i dag tre poeng bak, men skal møte Volda i to kampar i januar. Mykje vil bli avgjort etter desse to oppgjera.

Mot Sverresborg styrte heimelaget kampen frå start til slutt og med litt betre konsentrasjon kunne dette blitt ein kamp der Volda kunne skåra opp mot femti mål. Voldatrenar Igor Terzic var godt fornøgd med det laget leverte.

– Vi leverer ein god angrepskamp, men har for mange bom på hundreprosentssjansar. Likevel vinn vi med fjorten mål.

Kampfakta:

Volda HK – Sverresborg 36 – 22 (17-9)Voldahallen: 202 tilskodararVolda: Runa Vik, Melita Jug, Anette Berg 1 , Linn Berg 1, Kine Kvalsund 3, Olivia Kiss 5, Maria Ulla 3 , Hilde Egset 2, Line S.Hagen 7, Vanessa S.Hoel 7, Aukse Aglienskiene 1,Kaisa Holsvik 1,Tina Gavranic 5.Toppskårar  Sverresborg: Jeanette Jansby 10Best på Volda:  Vanessa S.Hoel og Kine S.Hoel. Utvisningar: Volda 1 x 2min, Sverresborg 4x2min.Domarar: Frode Strandmann og Roar Strandmann

Tabell 2.-divisjon:

NrLagKamperPoeng
1.Volda1019
2.Utleira1217
3.Byåsen Bredde1016
4.Heimdal1215
5.Meldal1213
6.Charlottenlund912
7.Levanger 2118
8.Ålesund108
9.Sverresborg98
10.Molde 2117
11.Ranheim114
12.Skaun111