Etter ein svak kamp mot Heimdal laurdag der laget gav frå seg eitt poeng i sluttsekunda, greidde laget å reise seg mot Utleira søndag og tronar no øverst på tabellen som det einaste laget utan tap.

Kampfakta

Utleira – Volda  22-24 (9-13)

Rosenborghallen:150 tilskodarar

Volda: Runa Vik, Melita Jug, Anette Berg  , Linn Berg 2, Hilde Egset 4 ,Kine Kvalsund 1 , Olivia Kiss 2, Maria Ulla ,  Line S.Hagen 8,  Aukse Aglienskiene5 ,Tina Gavranic 2 .

Toppskårar Utleira:Elisabeth Hammesstad  7

Utvisningar: Volda  2x 2min, Utleira 2x2min

Dette var toppkampen i 2.divisjon denne helga. Utleira var serieleiar, men hadde to kampar meir spelt enn sunnmøringane. Volda ville med siger auke forspranget på dei andre topplaga.

Ein såg tidleg at det var eit meir fokusert Voldalag som entra parketten i Rosenborghallen. Laget tok kommandoen frå start og skaffa seg tidleg ei leiing. Midtvegs i omgangen sto det 8-4 og ei sterk Utleira periode kom dei a jour på 8-8. Sunmørslaget sterkast resten av omgangen og kunne gå i garderoba med firemålsleiing.

Utleira opna best etter pause og etter ti minutt var dei oppe på 15-15. Volda greidde på ny å gå i frå og denne gongen greidde Utleira aldri å svare. Fem minutt før slutt var leiinga på fem mål og dei kontrollerte det heile inn til eit fortjent 24-22 siger.

Godt forsvar og keeperspel

Ein godt gjennomført kamp av Volda der heile laget leverte. Særleg var forsvarsspelet svært bra. Bakerst sto Melita Jug i mål og hadde mange gode redningar. Framover på bana hadde Aukse Anglienskiene fleire viktige avslutningar. Det same hadde Line S.Hagen frå sjumetersmerket. Voldatrenar Igor Terzic var både letta og glad over at det gikk vegen mot Utleira.

– I dag fekk jentene vist kva dei er gode for. Vi møtte eit svært godt Utleira lag. Jentene var topptente og viste  vilje til å ta litt ekstra i dei tunge periodene. I dag hadde vi to slike der Utleira innhenta firemålsleiinga vår.

Terzic var også klar på at sigeren over Utleira var svært viktig.

- Poenga denne helga gir oss ein fordel i forhold til dei andre laga. Vi har kun avgitt eitt poeng på ni kampar. Til helga skal vi ha heimekamp mot Sverresborg. Det blir ein ny tøff kamp der berre siger er godt nok.

Rota vekk poeng i sluttsekunda

Kampfakta: Heimdal – Volda  27-27 ( 12-15)

Heimdalshallen

Volda: Runa Vik, Melita Jug, Anette Berg 2 , Linn Berg 1, Hilde Egset 2 ,Kine Kvalsund 2, Olivia Kiss 6, Maria Ulla 1,  Line S.Hagen 5,  Aukse Aglienskiene 2,Tina Gavranic 6.

Toppskårar  Heimdal: Gøril Snorroeggen, Benedikte Solem, Ingrid Farstad 5 kvar

Best på Volda:  Runa Vik

Utvisningar: Volda 2x2min, Heimdal   2x 2min.

Domarar: Morten Isachsen og Ronny A.Hell

Det var tre veker sidan Volda sist spelte kamp då dei møtte Heimdal i Heimdalshallen laurdag. Både spelarar og trenar var nok litt nervøse på korleis kampforma var og i opningsminutta sleit Volda med å fine rytmen i både angrep og forsvar. Heimelaget tok kommandoen og leia 5-1 etter sju minutt. Voldatrenar Tertzic måtte ta time-out og gjere taktiske justeringar og det hjelpte. Ein snuoperasjon måtte til og då 22 minutt var  spelt, viste lystavla 11-8 leiing til Volda. Denne tremålsleiinga held seg til laga gjekk i garderoben for å ta pause.

Gav frå seg sjumålsleiing

Volda var også best i opningsminutta av andre omgang og etter ti minutt hadde dei auka leiinga til 23-16 og mange trudde nok at det heile var avgjort. Men trønderlaget hadde slett ikkje gitt opp og greidde å redusere til 22-23. Volda fekk samla seg og auka til 27-23. Sluttminutta blei svært spanande. Heimdal utnytta tekniske feil av Voldaspelarane og fekk fleire kontringsmål. 15 sekund før slutt på stillinga 26-27,tok dei time-out. Dei tok ut keeper og fekk utlikningsmålet to sekund før slutt. Eit surt og unødvendig poengtap for Volda, der det svinga veldig av prestasjonane. Best på Volda var Runa Vik i mål.

Voldatrenar Terzic var ikkje fornøgd med måten laget avslutta kampen.

– Vi hadde fullkontroll og leia med sju. Jentene starta nok feiringa litt for tidleg. Vi mista konsentrasjonen og gjorde for mange feil i angrep noko som resulterte i kontringsmål i mot. Han fortel vidare at dei hadde eit godt spelarmøte etter kampen mot Heimdal noko som gjorde jentene topptente før møtet mot Utleira.

Inntok tabelltoppen

Volda gjekk med sigeren over Utleira til topps på tabellen. Begge desse laga står med 17 poeng, men Volda har to kampar mindre spelt. Byåsen Bredde ligg som nummer tre med 14 poeng.

Laurdag  går siste seriekamp før jul for Voldadamene. Då kjem Sverresborg på besøk til Voldahallen, eit lag Volda må slå for å ta juleferie på tabelltoppen. Det blir nok ein ny spanande kamp for det trufaste Voldapublikumet.