Målet til Ørsta/Volda denne sesongen er opprykk til 2. divisjon. Molde/Elnesvågen vert truleg laget dei kjem til å kjempe med. Difor var det viktig å sikre seg to poeng då Melhus/Gimse kom på besøk i Ørstahallen. Vertane opna kampen best, og Emil Theodor Bjørdal og Anders Vatsaas skåra dei to første måla. Ti minutt ut i kampen sette Sondre Mork inn 5-1-leiing, men ei litt dårlegare periode gjorde at gjestene knappa inn på leiinga. Etter 18 minutt auka Leif-Erik Brenne til 9-6, og dette var starten på ei ny gode periode for heimelaget. Bendik Bjerke skåra 15-7-målet tre minutt før pause, og laga gjekk i garderoben på stillinga 15–10.

I 2. omgang var Ørsta/Volda klart best i opninga, og leiinga auka raskt. Sigeren var aldri truga sjølv om bortelaget hadde sine periodar. Til slutt kunne vertane juble fortent etter femtenmålssiger og to nye poeng.

– Eg er stort sett nøgd. Vi viser at vi kan når vi må. Innimellom så rotar vi og har personlege feil, men i store trekk så gjer det vi må med samspel og dei tinga vi har øvd på. Det ser veldig lovande ut tykkjer eg, seier trenar Lars Øie som saman med Tom Slenes styrer laget.

Lang kamppause

Før kampen mot Melhus/Gimse var det seks veker med kamppause for herrelaget. No ventar nye seks veker med pause før dei møter Sverresborg heime i Ørstahallen 10. januar.

– Heldigvis så kjem jula i mellom som ei naturleg pause, men det er synd at det vert slik. Det vert nesten som å starte sesongen på nytt, og det er eigentleg ei lita katastrofe.

Etter sigeren mot Melhus/Gimse toppar Ørsta/Volda 3. divisjon avdeling 13. Ørsta/Volda har ti poeng på seks kampar, medan Molde/Elnesvågen har åtte poeng på fire kampar.

– Vi må vinne resten av kampane, og gjerne slå Molde/Elnesvågen på heimebane. Eg trur ikkje at vi slår dei med meir enn ni mål slik som vi må, men der er og ein kvalifiseringsplass som vi kan ta. Den må vi berre sikte oss inn på, seier Øie.

Kampfakta

Ørsta/Volda - Melhus/Gimse 35-20 (15-10)

Ørsta/Volda: Bjørn Vik Henriksen, Brage Snarud 2, Stian Skaar 2, Per Ingebrigtsen 1, Bendik Bjerke 8, Anders Vatsaas 6, Leif-Erik Brenne 5, Sondre Mork 8, Andreas Vik 1, Emil Bjørdal 2.