Ingen har klart det sidan 1950-talet, men i dag vart Ørjan Håskjold Nyland frå Morkabygda i Volda noregsmeister i fotball for tredje året på rad.

Målvakta heldt målet reint i 2-0-sigeren til Molde over Odd søndag ettermiddag. Han vart ikkje sett på så mange prøver, og særleg etter pause dominerte Molde kampen.

I fjor stod Ørjan mellom stolpane då Molde slo Rosenborg i finalen, og han var også med på Hødd-laget som tok eit sensasjonelt cupgull i 2012.

Voldingen var også med på å sikre Molde sin andre seriemeisterskap på rad tidlegare i haust, i tillegg til at han er fast landslagskeeper.

– Eg tenkjer ikkje så mykje på at eg kan bli meister tre år på rad, men først og fremst på å vinne. Gjer vi det, blir eg vel historisk på ein eller annan måte, sa Nyland til NTB før kampen.

- Det er kjekt det. Etter at det vart klart at det kunne bli tre gull på rad har det gått som planlagt også. Eg ønskjer å takke alle lagkameratane og trenarane eg har hatt. Uten dei hadde eg ikke gjort det så bra. Det er sjølvsagt veldig stort, seier Nyland til Rbnett etter kampen.

United-spekulasjonar

Laurdag kveld skreiv den engelske tabloid-avisa The Daily Mirror i om Nyland kan bli del av ein byttehandel mellom Molde og Manchester United.

United-manager Louis van Gaal og speidarane hans skal ha sett seg ut Nyland som danske Anders Lindegaards erstattar. Lindegaard er elles tidlegare AaFK-keeper.

RBnett, som var det første norske mediet som skreiv om ryktet, melder at MFK aldri kommenterer rykter. Nyland skreiv under ei femårskontrakt med Molde i fjor.

- Eg kan ikkje seie noko anna enn at eeg var fokusert på finalen i dag. Eg har ikkje lest aviser, så det får berre vere rykte. Om rykta stemmer, er det smigrande, seier Nyland til RBNett under banketten etter cupfinalen.